Klart språk

LEIAR: No kjem klarspråksprosjektet til kommunar og fylkeskommunar. Kommunane skal no nyte godt av erfaringane frå arbeidet med å få tilsette i staten til å skrive eit godt, konsist og lett forståeleg språk. Så bra – det vil mange ha glede av.

Det er fagforumet for informasjons- og kommunikasjonsarbeid i kommunar og fylkeskommunar, Kommunik, som saman med Forum for offentlig service og KS har sett i gang klarspråksprosjektet i kommunane. Meininga er at ein skal få i gang nokre pilotkommunar allereie frå hausten av.

Målet er eit enklare språk som når fleire av innbyggjarane.

I denne avisa møter me saksbehandlarar i nynorskkommunar som kom til jobben med bokmålsbakgrunn, og som har lært seg nynorsk på nytt. Dei legg ikkje skjul på at det må god opplæring og oppfølging til for at overgangen skal bli så lett som mogleg.

– Kurs, kurs og kurs, seier økonomisjef i Os kommune, Ingrid Karin Kaalaas, på spørsmålet om kva som må til for at bokmålsskrivande skal bli skriveføre tilsette i nynorskkommunar. Sjølv kom ho frå bokmålsbyen Bergen til nynorskkommunen Os for 21 år sidan. Ho meiner det er endå vanskelegare å gjere språkbytet i dag enn det var då. No er det fleire val i språket, og det gjer det i alle fall ikkje enklare, meiner Kaalaas.

Kanskje vil eit klarspråksprosjekt, som tek mål av seg å gje publikum eit enklare og meir brukartilpassa språk, også gje bokmålsskrivande saksbehandlarar ein enklare overgang når dei skal arbeide i ein nynorskkommune.

Kanskje kan det også gje fleire søkjarar til jobbane i nynorskkommunar?

UtskriftE-post