Festival kan gje godt omdømme

LEIAR: Ordførar Arne Vinje i Vinje kommune meiner Litteraturdagane i Vinje er med på å byggje kommunen sitt omdømme. Det er ingen tvil om det. 

Festivalar og store arrangement er samlande for mindre samfunn. Dei er med på å forsterke biletet av kommunen hjå omverda og ikkje minst med på å gje innbyggjarane ein felles identitet dei kan stå samla om.

Det er mange assosiasjonar knytte til kommunen Vinje. Litteraturen, ekteparet Vesaas og Odd Nordstoga er absolutt nokre av dei. Litteraturdagane i Vinje er med på å vise desse kvalitetane fram og setje kommunen på kartet.

Kva festivalgjestane legg att i kommunen, og kva ein reint økonomisk sit att med, er derimot verre å kartlegge. Men det er kanskje heller ikkje det store spørsmålet? Kanskje er den langsiktige effekten viktigare enn kronene som kjem i kassen under sjølve festivalen?

I Aurland har dei satsa på Nynorske litteraturdagar over lang tid. Det som byrja med at tidlegare ordførar Olav J. Ellingsen byrja å dele ut gratis barnebøker på nynorsk, er blitt ein årleg festival som trekkjer stor merksemd. I 2014 er det bestemt at festivalen skal organiserast utanfor den kommunale organisasjonen. Leiinga i festivalen håpar ein skal finne ei solid plattform for vidare drift.

Det blir avgjerande for litteraturdagane, og det blir avgjerande for at nynorskfestivalen også framover skal vere med på å styrke omdømmet til kommunen.

Utskrift E-post