Søkelys på klima

PÅ KOMMUNEVIS:

Eg registrerer at mange kommunar og fylkeskommunar no aktivt tek fatt i klimautfordringane gjennom å lage klima-, miljø- og energiplanar. Vi står overfor store utfordringar i høve trongen for reduksjon av klimautslepp og dei forventa klimaendringane. Det hastar med å setje i verk tiltak.

Fylkestinget i Sogn og Fjordane vedtok i vår ein fylkesdelplan for klima og miljø. Fylkeskommunen har lagt vekt på å få fram ein samla og forpliktande klimapolitikk for heile fylket. Planen samordnar og omset nasjonale mål til regionalt og lokalt nivå. Vi vonar at planen vil kunne hjelpe og støtte regionale styresmakter og kommunane i deira klimaarbeid. Det er ein omfattande plan som føreset ei systematisk oppfølging. Vi inviterer alle innbyggjarane, offentlege styresmakter, næringslivet, frivillige organisasjonar og andre om å medverke i dette viktige arbeidet.

Reduserte utslepp av klimagassar både i produksjon og forbruk står sentralt. I tillegg har fokuset på tilpassingstiltak til framtidige klimaendringar gjeve oss ein sjeldan heilskapleg plan. Planen tek klimautfordringa breitt og omfattande på alvor. Nasjonalt og internasjonalt har ein i stor grad vore oppteken av å redusera utsleppa av klimagassar frå produksjon og transport. Sogn og Fjordane har i tillegg valt å fokusera på utslepp knytte til forbruk.

Planen speglar at Distrikts-Norge har andre utfordringar enn bynære strøk. Dei største utsleppa kjem frå nokre få, store produksjonsanlegg. Spreidd busetnad og store avstandar gjer  transportsektoren til eit viktig tiltaksområde.

Dei færraste tenkjer over kva utsleppsmengder som er knytte til kjøp av forbruksvarer. Sidan varene ofte vert produserte i utlandet, tel ikkje utsleppa av klimagassar frå produksjonen med i den nasjonale rekneskapen. Ved å sjå på klimautslepp i tilknyting til forbruk får vi eit betre grunnlag for å samanlikna utsleppmengdene frå innbyggjarane i byane og folk i distrikta. På forbrukssida bør styresmaktene innføra tiltak som kan stimulera enkeltpersonar til å leva klimavenleg. Samstundes kan kvar og ein av oss yta eit positivt bidrag til klima og miljø ved å velja lokalproduserte varer og økologisk mat.

Forskarane er samde om at klimaendringane vil koma. Kor sårbare vi vert for framtidige endringar, vil avhenga av kva tilpassingstiltak som vert gjennomførde. På dette området overlappar planen tiltak som i andre samanhengar typisk ville ha vore oppgåver innan beredskapsarbeid. Planen legg opp til ei omfattande kunnskapsutvikling i kommunane når det gjeld klimatilpassing.

 

Utskrift E-post