Hordaland og det velsigna vatnet

Torill Selsvold NyborgTorill Selsvold NyborgPÅ KOMMUNEVIS: Her i fylket er vi i gang med å rigga oss til for nye gjeremål. Frå nyårsskiftet vert det fleire oppgåver å forvalta, og vi treng både folk og kompetanse for å få det til. Eit av områda fylkeskommunen skal forvalta, er vassressursane. På ein kommuneplankonferanse vi hadde nyleg, vart vassressursane kartlagde frå kjelde til kyst. Her i Hordaland er vi velsigna med rikelege mengder vatn både i form av nedbør, vassdrag med stor fallhøgde og produktive fjordarmar som strekkjer seg inn til alle dei 33 kommunane. Opp gjennom hundreåra har vi utnytta desse ressursane som vasskjelde, til matforsyning og til energiføremål. På 1800-talet fekk fjordane, fossane og breane også ein verdi for turistane.
Etter kvart forstår vi at vatn er drivkrafta og eksistensgrunnlaget for alle oss som er busette her vest. Ja, ikkje berre her, for vatnet gjev også store inntekter til staten.

Vassdirektivet til EU stiller krav til kvalitet. Mange kommunar har god kvalitet på vatnet, medan andre arbeider med saka. Kommunane har ei viktig rolle i å sikra ferskvasskjelder for hushald og næringsliv. Nedbørsfelt må bandleggjast og sikrast i arealplanar, og ny utbygging må koplast til tenlege leidningsnett. Giardia-saka i Bergen viser kor ille det kan gå når noko sviktar. Rundt 4000 menneske vart sjuke, og så mange som 400 vart langtidssjuke. Tilsvarande hendingar kan også skje i andre kommunar. Vi må læra av Giardia-saka, og difor vert det så viktig å ha fokus på vasskvalitet ikkje berre på plansida, men også politisk.

Hordaland fylkeskommune blir forvaltingsorgan for vassregion Vestlandet frå nyttår, og kommunane vil få sentrale oppgåver i dette arbeidet. Det gode samarbeidet mellom kommunar og mellom kommunar og fylke vert umåteleg viktig for å få gode resultat. Vassdirektivet til EU gjeld for Noreg og skal setjast i verk gjennom regionale planar. Det vert eit krevjande arbeid å laga planar for dei mange vassområda i fylket. Men målet er å oppnå god vasskvalitet, og då er samarbeid løysinga.

Her i Hordaland har vi mykje å tapa dersom vårt gode rykte for reint vatn, reint hav og reine næringsmiddel vert truga. Difor er vi veldig glade for at fylkeskommunen no får ansvaret for forvaltinga av vassressursane.

Hordaland og det velsigna vatnet

Her i fylket er vi i gang med å rigga oss til for nye gjeremål. Frå nyårsskiftet vert det fleire oppgåver å forvalta, og vi treng både folk og kompetanse for å få det til. Eit av områda fylkeskommunen skal forvalta, er vassressursane. På ein kommuneplankonferanse vi hadde nyleg, vart vassressursane kartlagde frå kjelde til kyst. Her i Hordaland er vi velsigna med rikelege mengder vatn både i form av nedbør, vassdrag med stor fallhøgde og produktive fjordarmar som strekkjer seg inn til alle dei 33 kommunane. Opp gjennom hundreåra har vi utnytta desse ressursane som vasskjelde, til matforsyning og til energiføremål. På 1800-talet fekk fjordane, fossane og breane også ein verdi for turistane.

UtskriftE-post