Klimakutt må ein ta lokalt

 

PÅ KOMMUNEVIS: Når København-prosessen skal gjerast om til praktiske klimatiltak her heime, vil kommunane kunne spele ei hovudrolle.

Faktisk kan kommunane dekkje halvparten av målet Stortinget har satt for norske klimakutt før 2020. Det viser SFT sin klimatiltaksanalyse, der ein slår fast at ein kan oppnå over åtte millionar tonn av målet for nasjonale klimakutt på 15-17 millionar tonn CO2-ekvivalenter med kommunale verkemiddel.

SFT sin analyse viser også kor ein kan oppnå kutt. Mest er det å hente gjennom energitiltak i bygg, areal- og transporttiltak, landbrukstiltak og tiltak for meir klimavennleg avfallshandtering. I tillegg kan det vinnast mykje gjennom å samordne tiltak på to, fleire eller alle av disse områda – og vi vil påstå at ingen er betre posisjonert til dette enn kommunane og fylkeskommunane.

Eit godt eksempel på korleis slike tiltak kan gjennomføres i praksis, finn vi i den nye klima- og miljøplanen for Rogaland. Gjennom areal- og transporttiltak skal det der opprettast aksar med kollektivlinjer mellom nærliggjande bysentra. Samtidig skal vidare utbygging av bustader, skular, barnehagar, butikkar, nye arbeidsplassar og lokale servicetilbod knyttast til desse kollektivaksane. Dermed sparer ein tonnevis med CO2-utslepp samstundes som det blir skapt grobotn for livskraftige lokalsamfunn.

Liknande planar finn vi i ei rekkje større og mindre kommunar og fylkeskommunar rundt omkring i landet. Over 80 prosent av alle norske kommunar har nå eller er i ferd med å få ein klima- og energiplan.

Slike tiltak krev derimot betydelege investeringar – og som vi veit er kommuneøkonomien sterkt nok pressa som den er. Samtidig finst det ikkje finansielle verkemiddel på fleire viktige tiltaksområde.

For raskt å få fart på dei lokale klimatiltaka har vi i KS difor nyleg rådd staten til å opprette ei heilt ny ordning for kjøp av lokale klimakutt. I denne ordninga, som vi har kalla KLOKT (Klimakutt lokalt gjennom kommunale tiltak), skal enkeltkommunar eller grupper av kommunar samle sine tiltak i lokale klimaprogram. Samla CO2-kutt i programma vert så kontrollerte av ein uavhengig tredjepart, før det blir forhandla med staten om pris for klimakutta.

Ordninga vil vere godt tilpassa allereie eksisterande verkemiddel, som Enovas ordningar. Støtte frå desse vil enkelt kunne bli trekt frå i den prisen staten er villig til å betale.

Alt i alt vil ei slik ordning koste staten mellom to og fire milliardar kroner fram til 2020, slik at dette vil bli svært kostnadseffektive utslippskutt. Det vil difor på alle måtar vere klokt å leggje til rette for store klimakutt gjennom lokale vedtak.

 

Utskrift E-post