Statlege arbeidsplassar i kommunane

PÅ KOMMUNEVIS: Kommunane i Distrikts-Noreg er gjerne vertskap for fleire statlege arbeidsplassar, men staten må være open og varsle oss når dei planlegg arbeidsplassar utafor dei større byane. Dette er bodskapen frå varaordførar Anne Grete Normann i Lenvik kommune i Troms. Ho kontakta meg nyleg med spørsmål om korleis kommunar i Distrikts-Noreg kan få vite kva planar staten har. Ho vil òg vite korleis Lenvik og andre kommunar kan leggje til rette for etablering av nye statlege arbeidsplassar i eigen kommune eller region.

Normann er ikkje aleine om å stille desse spørsmåla. Under Nordlandskonferansen i Bodø 20.–21.januar møtte eg fleire ordførarar og rådmenn som tok opp det same. Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete varsla i sitt innlegg under konferansen at eit statleg utval no har fått i oppdrag å komme med konkrete forslag som skal sikre at kompetansearbeidsplassar og nye statlege arbeidsplassar vert spreidde over heile landet . Regjeringa varsla i Soria Moria II at det ikkje er aktuell politikk å flytte eksisterande statleg verksemd ut av Oslo, men at vekst i ny statleg verksemd skal skje utanfor.

Ei satsing som kan vere naturleg å nemne i denne samanhengen, er Breibandsfylket Troms. Ei storstilt utbygging av breiband i heile fylket har mellom anna ført til at alle Tromskommunane no kan tilby seg å vere vertskap for statleg verksemd fordi den nødvendige tekniske infrastrukturen er på plass. Dyrøy kommune har i tillegg starta opp eit pilotprosjekt om staduavhengige arbeidsplassar, der slagordet er at det går an å ta jobben med seg på flyttelasset. Med gode rutinar for informasjonsdeling og solid teknisk infrastruktur, kan ei verksemd ha tilsette i fleire kommunar eller fylke. Dette gjeld òg for staten, og her har det statlege utvalet allereie eit tiltak dei kan ta med seg til nærmare vurdering. I tillegg må dei sjå på innspelet frå Lenvik og gi varaordføraren svar på korleis interesserte kommunar får informasjon om etableringar som skal skje.

Distriktssenteret er eit nasjonalt, statleg drive kompetansesenter for distriktsutvikling. Vi skal byggje og dele kunnskap til beste for utviklinga av attraktive lokalsamfunn. Vår hovudoppgåve er å vere støttespelar for kommunar i deira utviklingsarbeid og sørgje for kunnskap om kommunalt utviklingsarbeid i brei forstand. Kva gjer ein kommune attraktiv å bu eller etablere arbeidsplassar i, er er eitt av spørsmåla vi skal bidra med svar til.

Ingvill Dahl er avdelingsleiar på Distriktssenteret

 

UtskriftE-post