Når små kommunemus brøler…

Dei hadde kloke menn før i tida også, til dømes for 115 år sidan. Dei kloke var menn, på den tida var ikkje kvinnene oppfunne, i alle fall var det ingen som såg dei. Men ein og annen professor hadde dei, mellom andre ein kjekk historikar som heitte Ludvig Daae og kom frå ei gåverik slekt. Han åtvara mot galskapen i å byggja bane frå Vestlandet til Austlandet: ”Når vestlendinger og østlendinger kommer nærmere bort i hverandre, så kommer de for alvor til å merke hvor ulike de er, og så blir det strid mellom dem. Så gjør Vestlandet seg til en republikk for seg selv, og Norge blir sprengt!” I 1895 var unionsstriden brennande heit, og det viktige var å samla Noreg til eitt rike, ikkje til å løysa landet opp i regionar!

Professorane er fleire i våre dagar, men tankane har ikkje utvikla seg stort. Ei raudgrøn regjering greidde til slutt å gravleggja planen om å skapa regionar i Noreg, med god støtte frå Høgre. Ein vestlandsk region kunne vorte til plage når vestlendingane fekk pengar mellom hendene. Rikspolitikarane har eigentleg ikkje skjøna kva vi skal med fylkeskommunar og kommunar, når Stortinget trivst best som kommunestyre for heile landet, der dei leitar og finn små og litt større saker som dei kan gjera utspel av. Dei såg kor ille det gjekk i Russland under Jeltsin, då oljerike regionar let vera å senda pengane til Moskva og brukte dei sjølve.

Men kommunar er til plage sjølv om dei knapt nok eig nåla i veggen. Eg har nett skrive  100-årsbok for Modalen, som var lutfattig på alt anna enn fjellvidder. Men dei greidde å halda seg med gode skular, vegar som vart bygde, helsestell som fungerte, kyrkjer som vart bygde utan at storsamfunnet kom med ei einaste krone, og kommunen hadde eit årsbudsjett på 20 000 kroner. Men dei hadde makta til å gjera tinga slik dei sjølve ville, om det så berre skulle verta pliktdagsverk ut av det. Storsamfunnet kom først då dei grøne bølgjene slo inn over rikspolitikken på 1970-talet. Då skulle dei einaste ressursane Modalen hadde, sand langs elva og vasskraft frå høgfjellet, vernast til glede for bergensarar med nikkers og fiskestong!

I dag er den vesle kommunen med 360 menneske rik nok til å oppfylla dei fleste krav og pålegg frå Oslo, mot å betala alt sjølve. Men makta har dei ikkje. Ho ligg i Oslo, i eit lite belte midt i byen. Der er undergrunnen alunskifer, og av denne strøymer det radongass som gjer folk merkelege i hovudet. Og oppå dette laget ligg Stortinget, regjeringskvartalet og VG!

Men minnesmerke vil rikspolitikarane laga seg, 45 meter høge kraftmaster gjennom heile Hardanger. Heilt til eit par små mus gav seg til å brøla: 1000 menneske i Granvin, 2000 menneske i Ulvik. Dei brølte høgt nok til at regjeringa snudde!

Kjartan Rødland er tidlegare sjefredaktør i BT, har blant anna også vore informasjonssjef i Bergen kommune.

Utskrift E-post