Attraktive kommunar?

Kommunane slåst om å gjere hosene grøne for nye tilflyttarar. All mogleg statistikk tyder på at det er mange som ikkje lukkast. I Møre og Romsdal ser vi til dømes ein stor auke i skapte arbeidsplassar, men utan at folketalet aukar slik ein kunne håpe. Særleg synest det vanskeleg å vere attraktiv for høgt utdanna, unge vaksne. Desse ser ut til å finne rot i og ikring dei få største byane, sjølv om mange er vaksne opp andre stader. Er det mogleg å finne medisin mot slikt?

Folk flyttar til byane over heile kloden. For ein liten kommune i eit lite land er det sjølvsagt uråd å kjempe over lang tid mot dei globale megatrendane. Kan hende vil nokre stader lukkast som merkevare innan særskilde segment, men det er vanskeleg å tenkje seg at dette skal gjelde mange. I realiteten er vi tvungne til å spørje oss sjølve kva som gjer byane attraktive, og gjere det best moglege ut av dette.

Slik eg ser det, er byane attraktive fordi dei tilbyr det konsentrerte mangfaldet. Arbeidsplassar, handel og sørvis, fritidstilbod, skule- og barnehagetilbod, uteliv, offentlege tenester og ikkje minst sosiale nettverk er samla slik at det framstår som ein samanhengande organisme. Byen sitt omland er sjølvsagt ein del av dette, men tiltrekkingskrafta ligg i konsentrasjonen. Den som skal ta del i framtida sin konkurranse om kompetanse og kapital må ta dette inn over seg.

Handel har tradisjonelt vore den viktigaste drivkrafta for sentrumsdanning. Ut frå dette finn eg grunn til å vere uroa over eit stadig press for å trekkje kjøpekrafta ut av dei tradisjonelle sentrumsområda og inn i kjøpesenter og handelshus i utkanten. Eit mindre attraktivt sentrum betyr at også omlandet vert mindre attraktivt.

Kommunane har eitt verkemiddel i denne samanhengen, og det er arealplanlegginga. Det er på tide å innsjå at arealplanlegginga må nyttast aktivt til å byggje under den attraktiviteten vi ønskjer i byar og tettstader, og ikkje svekkje den. Ein må med andre ord gi handelsnæring og eigedomsutviklarar langsiktige og tydeleg signal om at det er i sentrum vi vil ha dei. Og sentrum må vere avgrensa, slik at det svarar til forventingane om konsentrert mangfald.

Ottar Brage Guttelvik er fylkesrådmann Møre og Romsdal fylkeskommune

Utskrift E-post