Alltid i endring

Vi er alltid i endring. Samfunnet er i endring, vi sjølve endrar oss, kva som er rett og gale, endrar seg, motar og trendar. Og slik bør det vel vere. Men må vi gjere endringane meir aktive, og må vi alltid vere så målretta pådrivarar?

Vågå ønskjer å vere i front. Vere med og sette dagsorden. For at kommunen skal vere synleg, men ikkje minst for at næringslivet og innbyggjarane våre skal føle seg sedde, prioriterte, og at dei er i ein kommune som gjer det optimale for målgruppene sine.

Vi byggjer hus, skaffar oss kompetanse, gjer tiltak og etablerer møteplassar for at både unge, vaksne og eldre skal trivast og føle tryggleik og kvalitet. Vi innrettar oss etter nasjonale reformer, eige økonomisk handlingsrom og forventingar frå innbyggjarar. Iblant føler vi at vi har gjort noko riktig bra, andre gonger strakte ikkje ressursane til.

Men så skjer det. Vi ser oss rundt, vi les nye dokument, får tilsendt nye stortingsmeldingar om vedtekne reformer, les og høyrer frå media om nye trendar, forventingar og mulegheiter. Det vi nettopp har vedteke, skulebygningen vi tok i bruk sist haust, helsesenteret som vart opna førre veke, breibandnettet som nyleg er utbygt, kommuneplanen som nettopp vart vedteken. For GAMMALT. Utgått på dato!

Sjølvsagt er det ikkje slik, men eg føler det ofte slik. Alt skjer så fort, og endringane og forventingane blir stadig meir omfattande. Og vi som folkevalde ønskjer sjølvsagt å vere eit steg føre andre.

Men magekjensla kan også vere rett. Ikkje minst innan skulen. Stadig nye reformer stiller krav til storleiken på undervisingsromma, til utstyr, pedagogikk og arbeidsformer. Store rom skal bli mindre, små grupper skal bli større, meir einskildtilpassa framfor gruppeundervising.

Både tilsette, brukarar, vi som skal fatte vedtak, og dei mange tilsette treng likevel litt arbeidsro for å prøve ut, teste erfaringar og korrigere utifrå eigne opplevingar. Eg ønskjer meg litt reformpause eg nå. I alle fall innafor skuleverket.

Vågå skal etablere "Noregs beste skule". Andre kommunar kan også ha sine beste skular, men ingen skal kunne drifte og oppnå betre resultat enn det Vågå kommune sjølv skal gjere i Vågå. Alle elevane er ulike. Gode på noko, utrygge på noko anna. Men alle er gode på noko om dei får opptre på ein arena dei er trygge på. Vågå vil ha flest mogleg arenaer.

Ein glad, lærande og trygg elev gjev også trygge og stolte foreldre. Motiverte og engasjerte lærarar. Folk ønskjer å bu der ungane har det bra, der skulen leverer. Vågå vil vere ein slik kommune. Den store reforma gjer vi derfor lokalt, men vi ønskjer oss nok litt meir reformfri frå regjeringa vår ei tid framover. Vi skal derimot arbeide aktivt og gjere maksimalt ut frå gjeldande reformer og pålegg, for barn og unge skal ha det trygt og godt gjennom skulekvardagen. Og for at avgangsresultata i 10. klasse i snitt skal bli litt betre enn i fjor ...

Rune Øygard er ordførar i Vågå kommune

UtskriftE-post