Kommunane som nynorskeigarar

Eg hadde tenkt å skrive om kommunane si rolle som skuleeigar. Så kom framlegget om endringar i norskfaget, som gjer at eg må omtale vår rolle som nynorskeigarar.

Du bur truleg i ein kommune som i alle fall på papiret har ei offensiv haldning til nynorsk, men også i våre kommunar merkar ein presset mot nynorsk. Vi opplever foreldre som går saman og krev bokmålsklasser for elevane, og veldig mange av elevane vel å byte målform til bokmål når dei kjem i vidaregåande skule.

Når elevane sjølv vel å byte til bokmål, ja då har vi eit problem. Då gjer vi ikkje ein god nok jobb i kommunane med å spreie språkglede og skape positive haldningar til nynorsk.

Eg var ein av desse altfor mange som bytte hovudmål frå nynorsk til bokmål då eg gjekk på vidaregåande. Eg vart umotivert av å få attende nynorskstilar der det var raude strekar under annakvart ord, og der attendemeldingane handla om alt som ikkje var lov.

Eg bar med meg ei haldning om at nynorsk var veldig vanskeleg, og eg trudde dei som klarte å skrive god nynorsk, var supermenneske.

For to år sidan fekk eg jobb i Vågå kommune. Vågå er ein markant nynorskkommune. Du har ikkje noko val om du skal jobbe her. Du må skrive nynorsk.

Det var tungt i starten, men eg var motivert. Eg fekk også tilbod om nynorskkurs. På dette kurset lærte eg alt det eg skulle ønskje eg lærte då eg var ung skuleelev.

Denne erfaringa fortel meg at det nyttar at kommunane har ein offensiv språkpolitikk.

Nynorskundervisninga er for dårleg i norsk skule, og det er her eg trur hovudproblemet ligg. I tillegg trur eg nynorsk blir oppfatta blant dei yngre som eit forbodsspråk og ei målform som ikkje er prega av glede og optimisme.

Det er vi som jobbar i kommunane, som må sørgje for at elevane har lyst til å fortsette med nynorsk når dei blir vaksne. Då treng vi tilsette som beherskar nynorsk og som framstillar målforma som logisk.

Vi eig språket vårt. Og det er vårt ansvar at nynorsk blir eit levande språk for heile landet. Den beste måten å gjere det på er å sørgje for ei god nynorskopplæring i skule og barnehage. Det vil skape mange gode nynorskambassadørar i framtida.

Hanne Maren Blåfjelldal er prosjektleiar for skuleprosjektet i Vågå

Utskrift E-post