Vegen vidare

«Nå kan du bli med på å kåre det største vegholet i Noreg!» forkynte VG 13. mars i år. Avisa oppmoda lesarane sine til å sende inn sine verste vegbilete. Sidan har bileta strøymt inn, og konkurransen er skarp. Førebels er ingen vinnar kåra. Alle som les dette, veit sikkert om ein vegstump som kunne vore med i konkurransen.

VG sin konkurranse er på mange vis den folkelege versjonen av Statens vegvesen si stamnettutgreiing frå 2011. I denne talde Vegvesenet alle veghola i Noreg og slo fast at det trengst 400–500 milliardar kronar for å få riksvegnettet opp på ein akseptabel standard. I følgje utgreiinga kan om lag ein tredel finansierast gjennom bompengar. Resten vil det ta over 30 år å drive inn over statsbudsjettet med noverande nivå på løyvingane. I tillegg har KS (FoU 2008–2009) kalkulert at det manglar mellom 35 og 45 milliardar kroner for å få ta igjen etterslepet på kommune- og fylkesvegar.

Det kan bli mange bomringar rundt om i Noreg i åra som kjem.

Nye måtar å finansiere på

I løpet av 2012 skal regjeringa avslutte arbeidet sitt med nasjonal transportplan for perioden 2014–2023 (NTP). Allereie nå er det klart at nye måtar å finansiere samferdsel på vil få ein viktig plass i planen. Det skal bli spanande å sjå kva forslag som kjem på bordet. Ulike aktørar har allereie vore ute og lansert sine forslag.

Enkelte hevdar at offentleg privat samarbeid (OPS) er løysinga, andre vil ta i bruk Statens pensjonsfond utland. Finansnæringens Fellesorganisasjon (FNO) har teke til orde for at det bør etablerast eit statseigd finansieringsselskap som kan bruke den norske obligasjonsmarknaden til å finansiere dei mange uløyste oppgåvene innan infrastruktur. Selskapet skal skrive ut obligasjonar, helst statsgaranterte, for å sikre dei beste vilkåra i marknaden.

Fordelen med ei slik løysing er at prosjekt ikkje vil stoppe opp som følgje av manglande budsjettdekning dei enkelte åra. For samfunnet vil dette gi økonomiske gevinstar i form av raskare gjennomføring og betre heilskap ved prosjekt som strekkjer seg over fleire år. Dette er ikkje heilt ulikt den måten som mellom anna Avinor og Statnett i dag finansierer oppgåvene sine på.

Kommunalbanken si rolle

Kommunalbanken ser infrastruktur som et viktig finansieringsområde framover. Ved årsskiftet hadde banken forpliktande låneengasjement på 22,2 milliardar norske kroner knytte til 21 ulike vegprosjekt over heile landet. Banken ventar auka etterspurnad etter lån til infrastruktur i åra som kjem, først og fremst som følgje av forvaltningsreforma frå 2010, då store deler av riksvegnettet blei overført frå staten til fylkeskommunane – «hol for hol» som ein fylkespolitikar frå Austlandet formulerte det.

Det er ingen tvil om at det må tenkjast nytt for å skaffe kapital til det store etterslepet Noreg har innan infrastruktur. I lys av dette er FNO sitt forslag godt. Vi ser gjerne at Kommunalbanken kan bli ein del av denne løysinga. Skal vi bli eit instrument for styresmaktene, må det nokre praktiske endringar til i rammevilkåra våre, men Kommunalbanken har i alle høve den kompetansen og erfaringa som skal til.

Tor Ole Steinsland er kommunikasjonsdirektør i Kommunalbanken

 

UtskriftE-post