Kven skal definera rammene?

I det siste har det vore reist kritikk mot statleg styring av kommunane.

Ei hovudoppgåve for Fylkesmannen er å rettleia og føra tilsyn med kommunane, i tillegg til å vera klageinstans for kommunale vedtak. Når fylkesmannen kjem til at ein kommune ikkje har følgt lov eller forskrift, inneber det ei form for statleg styring av kommunane.

Fylkesmannen byggjer denne styringa på lover vedtekne av Stortinget, på forskrifter vedtekne av regjeringa eller, der det er meir rom for skjønn, på retningslinjer og instruksar gjevne av departement eller direktorat. Dersom Stortinget eller regjeringa meiner at fylkesmannen går for langt i å endra kommunale avgjerder, kan spelereglane endrast. Det står Stortinget fritt til når som helst å endra lovverket slik at kommunane får større sjølvstende. Like eins står det regjeringa fritt innanfor lovverket til å endra forskrifter og retningslinjer for skjøn for å oppnå det same.

Når Stortinget eller regjeringa ikkje kjem med framlegg om gjennomgripande endringar, må dette takast til inntekt for at fylkesmennene i hovudsak styrer kommunane i tråd med dei rammene som dei øvste folkevalde ønskjer.

Det kjem stadig framlegg om å oppretta ein særskilt forvaltningsdomstol, også kalla lokaldemokratidomstol. Eitt framlegg går ut på at denne domstolen skal koma med bindande avgjerder dersom ein kommune er misnøgd med statleg styring.

Stortinget står fritt til å oppretta ein lokaldemokratidomstol. Spørsmålet er om det gagnar demokratiet at det vert overlate til utnemnde dommarar å definera rammene for korleis staten skal styra kommunane, i kryssingspunktet mellom juss og politikk. Utnemnde dommarar er ikkje underlagde demokratisk kontroll, og det kan hevdast at Stortinget fråskriv seg ansvaret dersom dei overlèt oppgåva til dommarar.

Eit anna moment som må vurderast, er kor mykje meir byråkrati og bruk av tid, ressursar og innkjøpte advokattenester det medfører dersom det skal innførast eit nytt nivå for å ta endelege avgjerder i spørsmål der kommune og stat har ulike syn. Somme meiner at det er eit uheldig særmerke for Noreg i motsetnad til i andre nordiske land at det alltid skal førast omkampar om store offentlege avgjerder. Ei oppretting av ein forvaltningsdomstol slik det er skissert, institusjonaliserer omkampar der kommune og stat har ulike syn på eit spørsmål.

Det grunnleggjande spørsmålet er likevel: Skal Stortinget og regjeringa framleis ha det heile og fulle ansvaret for å definera rammene for kor mykje staten skal styra kommunane? Eller skal ein del av ansvaret overlatast til oppnemnde dommarar?

Gunnar O. Hæreid, assisterande fylkesmann i Sogn og Fjordane 

(Innlegget er tidlegare lagt ut på fylkesmannsbloggen til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.)

 

 

UtskriftE-post