Der nokon skulle tru at alle ville bu

Alle har det. Alle har den finaste naturen, gode kommunikasjonar, korte avstandar, flotte idrettslag og dugnadsånd, felespeling og alpinanlegg, konsertar og jordbæråker. Entusiastiske politikarar og frivilligsentral, noko for ein kvar smak, og kom hit, flytt hit, ver med oss, skap vekst: alle småkommunar sin våte draum.

For om lag 5 år sidan fekk eg ein bergensar på døra, han hadde for ein del år sidan funne seg ei jente frå Stordal. No hadde dei stifta familie og flytta til kommunen eg er ordførar i. Bodskapen han kom med, varma eit ordførarhjarte. Det var berre skryt å få, alt det positive som skjedde i kommunen, og ikkje minst alle dei flotte tilboda, særleg for barnefamiliar. Etter ei stund kom det likevel eit men. Dette vert ikkje godt nok marknadsført, korkje til eigne innbyggjarar eller til folk utanfrå. Kvifor ikkje marknadsføre kommunen som «Barnas kommune»? var innflyttaren sin bodskap.

Prosessar vart sett i gong, alle tende på ideen, kommunestyret vedtok at kommunen skulle vere «Barnas kommune». Det skulle forplikte, vi skulle verte endå betre på det vi allereie var gode på, og gode på det vi var mindre gode på. Det vart valt prosjektgruppe, prosjektleiar og meir til. Det vart sett av midlar til prosjekt. Det vart halde folkemøte, og engasjementet var stort. Kva hadde vi, og kva ville vi ha. Kva var vi gode på, og kva måtte vi bli betre på osv.

Barnas kommune sitt magasin vart til, utsendt til m.a. innbyggjarane i kommunen og utflytta ungdom. I første utgåva måtte ordføraren stille i supermann-drakt til fotografering på taket av rådhuset. Jau – det kostar å vere ordførar i Barnas kommune.

Etter kvart har dette blitt ein del av kvardagen (ikkje supermann-drakta). Fleire magasin, politiske vedtak, Barnas supersommar, kulturfestival osv. Ny skule har vi bygt, og ny barnehage er under planlegging – det må ein ha i Barnas kommune.

Barnas kommune er vårt omdømeprosjekt nr 1. I desse dagar går vi inn i prosjektet «Saman om ein betre kommune». Prosjektet «Langtidsfrisk» er vi også inne i. Vi har tru på å dra synergiar og stor effekt ut av desse samla sett, slik at kommunen kan verte endå betre for alle, både tilsette, innbyggjarar – unge og eldre – og dei som potensielt kan verte våre framtidige innbyggjarar.

Dette er vår måte å arbeide på i kampen for vekst og utvikling, og vi trur vi er på god veg.

Berre så det er sagt: Bergensaren er blitt folkevald – sit i formannskap og kommunestyre, er på dugnad og er trenar for eit av dei mange fotballaga.

NB! den finaste naturen har vi òg.

Charles Tøsse, ordførar Stordal kommune

UtskriftE-post