Spanande i kyrkja

Det skjer mykje i Den norske kyrkja for tida. Ho er ikkje statskyrkje lenger, men folkekyrkje. Dei politiske bindingane er likevel ikkje heilt borte, noko mange er glade for. Mellom anna er det svært viktig at det vert slått fast at kyrkja skal vere til stades i heile landet.

Finansieringa av folkekyrkja er som før. Staten løner prestane og gjev litt tilskot (trappar opp ... sakte ...) til trusopplæringsreforma. Denne reforma skal sikre at lokale kyrkjelydar kan gje alle born som vert døypte, tilbod om opplæring i trua og det dei er døypte til. Alle frå 0–18 år har rett til 315 timar undervisning.

I det høvet passar det godt her å vifte med nynorskvimpelen! Det er mykje mindre bøker og undervisningsmateriell å velje mellom for nynorskbrukarar. Dette må rettast opp. Også i kyrkja skal målføra vere likestilte. Vi kan ikkje – i nynorskfylket Sogn og fjordane – dele ut barnebøker på bokmål!

Resten av finansieringa til kyrkja kjem frå kommunen (definert i kyrkjelova § 14) og frå innsamla midlar/gåver. Når økonomien i kommunane strammar, så vert han som regel svært stram i kyrkja. Eg tenkjer det er viktig å sjå at det er felles innbyggarar vi tener. Då sist rådmann vart avtakka i Gulen, var det midlar til kyrkjegard og flaumlys på kyrkjene som vart nemnd. Det betydde mykje for folk, vart det sagt.

Hos stiftingar og offentlege kan kyrkja til liks med andre søke om midlar til gode tiltak. Men det offentlege ser på kyrkja som offentleg og seier derfor ofte nei. Stiftingane har ofte eit regelverk som gjer at dei fleste skuggar unna aktivitet som har som mål å formidle tru.

Kyrkja er viktig for folk. Som kyrkjeverje møter eg det til dagen frå folk som skal gifte seg, eller dei er i sorg og må planlegge gravferd. Det vert no tilrådd at begge desse viktige hendingane skal verte utførte av andre enn trussamfunn. Eg trur folk flest ønskjer at kyrkja framleis skal gjere det. Og når det gjeld gravferd, så har kyrkja vist at ho opptrer verdig og ryddig også for dei som ikkje tilhøyrer kyrkja.

Trude Brosvik er gruppeleiar for KrF på fylkestinget i Sogn og Fjordane. Ho er også kyrkjeverje i Gulen kommune.

UtskriftE-post