Noreg treng ein regional politikk for forsking

Regjeringa har lagt fram fleire stortingsmeldingar som seier noko om kva kunnskap betyr for samfunnsutviklinga. Men kvar er politikken for å ta heile landet i bruk?

Den offentlege finansieringa av forsking i Noreg er sterkt sentralisert. I 2010 gjekk 92 prosent av forskingsmidlane som Noregs forskingsråd tildeler, til forskingsmiljø i Oslo-området, Bergen, Trondheim og Tromsø. Sjølv om 70 prosent av all næringsverksemd og offentleg tenesteproduksjon går føre seg utanfor storbyregionane, går berre 8 prosent av forskingsmidlane til desse delane av landet.

Fagleg fornying og vidareutvikling av FoU-miljø utanfor sentera blir utfordrande. Dei regionale forskingsinstitutta har låge basisløyvingar frå Forskingsrådet. Forskingsmeldinga signaliserer at politikken overfor dei regionale institutta ligg fast, trass i at evalueringa av institutta tilrår høgare basisløyvingar og like vilkår med nasjonale institutt. Dette reduserer også effekten av viktige regionalpolitiske program som Arena, NCE, VRI og regionale forskingsfond, som er innretta til å hauste frå desse kunnskapsmiljøa.

Regionalmeldinga peikar på at «Fysisk nærleik til FoU-miljø og andre verksemder er viktig, men viktigast er tilgangen til rett kompetanse» (s. 92). Det er vi samde i. Samtidig er det ingen motsetnad mellom fysisk nærleik og rett kompetanse. Fysisk nærleik inneber også kulturell nærleik; felles referanseramme, omgrepsapparat osv.

Ei nyleg framlagd evaluering viser at oppdragsgjevarar opplever like god fagleg kvalitet og relevans hos dei regionale institutta som hos nasjonale forskingsinstitutt, trass i at dei regionale institutta har mindre ressursar til fagleg oppdatering enn dei nasjonale. Evalueringa finn at hovudutfordringa framover vil vere å utvikle meir robuste fagmiljø med god vitskapleg kvalitet. Dette er utfordringar som alle kunnskapsmiljø lokalisert utanfor universitetsbyane opplever.

Dess meir kunnskapsbasert Noreg blir, dess sterkare krav blir stilte til samanheng mellom nærings-, utdannings-, forskings- og regionalpolitikk. Mitt inntrykk er at regionale styresmakter ser denne utfordringa og er klar til å ta eit større ansvar for utvikling av regionale kunnskapsmiljø.

Dette er eit utdrag av ein kommentar som tidlegare har stått på trykk i Bergens Tidene.

Agnes Landstad er direktør i Vestlandsforsking

Utskrift E-post