Ein ”opplevelse” av forvirring?

 

Det er fint med val for ein språkmann, det er mykje å humra over. Til vanleg går dei folkevalde i korridorane og snakkar med kvarandre på stammespråket sitt. Det er sikkert trygt og godt, og dei kan diskutera optimalisering av inntekter og minimalisering av utgifter og laga seg agenda når dei skal snakkast, anten det er på noverande eller dåverande tidspunkt.

Men så, annakvart år, kjem valet, og dei får melding frå medierådgjevarane og reklamefolka sine at no må dei snakka rett fram (Høyr på han Carl I, seier dei!) og seia no og då og vera tydelege på om ja skal bety ja eller kanskje tja. Det er ikkje så vanskeleg, eigentleg. Problemet er sjølvsagt at det blir lett å finna ut om valløfta held nokre månader etterpå.

Men det er teknikkar å ty til der og. Når dei raudgrøne får spørsmål om dei vil beklaga at dei ikkje har oppfylt ein lovnad frå Soria Moria, ja eller nei, så kan du vera sikker på at svaret ikkje blir ja eller nei. Kanskje: ”Eg vil få minna om at Bondevikregjeringa ikkje gjorde det spøtt i denne saka.” Eller: ”Eg meiner det viktigaste no er …” og så vidare. Og når nokon frå borgarleg hald får spørsmål om korleis ei borgarleg regjering blir samansett, er ”God dag mann, økseskaft”-svaret godt å ty til, til dømes: ”Det viktigaste no er at me får ei anna regjering.” Eller: ”Vårt parti vil uansett ta ansvar!” Den store kunsten er å gje klåre veljargarantiar, men greia å få til eit nesten usynleg smotthol om det skulle bli nødvendig. Eg lurer på om det er der Sponheimen er no, på spørsmålet om å støtta Frp. ”Vårt parti vil uansett ta ansvar” kan bety så mangt.

Det er sjølvsagt også viktig å ha nokre koseord som høyrest trivelege og vennlege ut no i valkampinnspurten. Eg har lagt merke til ein av stortingskandidatane frå Sogn og Fjordane, han har lagt sin elsk på opplevelse. Så spør du om det er kjærleikssoger eller kunstopplevingar han snakkar om. Men nei, ein dag snakka han i radioen om at han hadde ein opplevelse av at tannteknikarar kunne gjera ein god del av arbeidet til tannlegane. Det var litt av ei oppleving! Han har faktisk støtt og stadig slike opplevelsar av eitt eller anna, men ein får ikkje nett hjartebank av dei opplevingane han kjem med. Ein annan kandidat seier i forhold til heile tida, så han rekk ikkje å få med så mykje anna: Det er klårt at i forhold til vegutbygging, må vi ta omsyn til at vi i forhold til vegbudsjettet har store utfordringar i forhold til infrastrukturen i fylket. Her vil vel kanskje medierådgjevaren vri seg og fella tårer.

Eg trur eg no elles godt om dei som stiller til val. Dei fleste har lyst, og dei fleste har noko dei vil utretta. Me får berre høyra etter kva ord me likar best, og kva ord me trur mest på, og røysta etter det. For røysta må me.

UtskriftE-post