Kva gjer me med -heit?

språkrådspråkråd

”Du, Fretland, kva skal eg gjera med sårbarheit,” var det ein som ropte til meg på Sola flyplass her om dagen. Bortsett frå at det var ein rar måte å seia god dag på, er det ikkje noko uvanleg spørsmål å få. Mange lurer på ”kva det heiter”, om det går an å seia ferdigheit, og om nyhende er betre enn nyheit, og kva med mulegheit og leilegheit og alle dei andre.

For det første: Bøy og skriv desse orda rett: Det er snakk om –heit, ikkje –het, og det er hokjønn: ei leilegheit, den leilegheita, fleire leilegheiter og dei leilegheitene. Hugs det, så me slepp virvaret av skrivemåtar som eg ser ganske ofte.

For det andre: Det er ikkje noko gale med å bruka ein del –heit-ord i nynorsken i 2009. Alle orda eg har nemnt ovanfor, står i ordlista, og dei er ikkje noko mindreverdige i høve til ord på –leik eller –skap, som gjerne vart tilrådde før i tida. Altså: ferdigheit og dugleik er begge nynorskord. Forskjellen, eller skilnaden, har med stil og tradisjon å gjera. I retningslinjene for nynorsk ordtilfang frå Språkrådet seier me også at der det er innarbeidde og velkjende alternativ til heit-ord, unngår me gjerne heit-orda. Derfor finn du berre fridom og klårleik. Og det heiter tålmod, ikkje tålmodigheit (eller tålmodigleik, for den del) og samvit, ikkje samvittigheit). Somme ønskjer å halda på ein tradisjonell nynorsk og unngår ord på –heit og –else. Andre vil gjerne bruka slike ord, når dei fell naturleg ut frå talemålet og måten dei skriv nynorsk på elles.

Ei anna sak er at nynorsken ofte blir betre om me byter ut slike substantiv med verb eller adjektiv. Sauene har stor sårbarheit for sjukdommen er noko meir klumsete enn Sauene er svært sårbare for sjukdommen. Men det har ikkje noko å gjera med kva substantivet endar på.

Men det er viktig at me blir støare i å bøya desse substantiva. I ei undersøking eg gjorde nyleg i studentarbeid, fann eg attåt arbeidsløyse, som det heiter på nynorsk, både arbeidsledighet, arbeidsledigheit og arbeidsløshet. Ein student hadde både –løshet, -ledighet og –løyse i same oppgåva. Det må ein kalla kreativt!

Utskrift E-post