Bør nynorsknormalen endrast?


Ja, seier me i styret i Språkrådet, og me har fått klarsignal frå Kulturdepartementet til å setja i gang. Ikkje for at me meiner nynorsknormalen er håplaus i dag, eller fordi me trur det kjem ei skrede av nye nynorsktilhengjarar berre me endrar normalen. For all del, eg er stolt av nynorsken slik han blir uttrykt av folk flest og av forfattarane våre. Men det er eit faktum at særleg frå skulehald har det vore klaga over at den store valfridomen ikkje blir til hjelp, men heller til forvirring. Kanskje er det særleg svake elevar og elevar som skriv nynorsk som sidemål, som slit mest med at det er mykje å velja i.

I alle fall, onsdag 20. januar var det samla 40-50 menneske i Oslo, til avspark for nemnda som skal sjå på nynorskrettskrivinga. Det har tradisjonelt vore våre fremste språkvitskapsmenn (i hovudsak menn, ja) som har fylt slike nemnder. Styret har gått ein litt annan veg denne gongen: Brukarane får òg mykje å seia. I tillegg til to vitskapleg valde, er det ein forfattar og lektor i vidaregåande, ein grunnskulelærar, ein lokalavisredaktør, ei NRK-tilsett og leiaren, Grete Rise. Ho er nettredaktør hjå fylkesmannen i Hordaland. Og så er det fem kvinner av dei sju i nemnda. Det er ein liten sensasjon dersom ein ser på historia til rettskrivingsreformene. Eg har registrert at ein professor har gått ut mot tenkinga i styret: Det er fagfolka som må laga normalen, skriv han.

Kor ber så vegen vidare? Styret har bedt nemnda laga utkast til ”ei tydeleg, enkel og stram norm for nynorsk, utan sideformer. Denne nye norma skal vera eit tilbod til alle som ynskjer å skriva korrekt nynorsk, og ho skal gjelda for alle som pliktar å skriva innanfor ei norm.” Det er ei stor oppgåve, og i tillegg krev styret at norma skal vera lett å bruka, uavhengig av formell utdanning og språkkompetanse. Norma må framleis også, sjølvsagt, vera attraktiv for folk i alle delar av landet.

Det nesten sensasjonelle på avsparkmøtet var at me ikkje krangla. Her sat nynorskfolk frå alle leirar, til og med ein riksmålsmann, og var rørande einige om retninga. ”Er det dødskrampen som tek til, eller er nynorskfolk råka av røynda?” utbraut ein erfaren målmann etter møtet.

Ikkje veit eg, men i april 2011 skal nemnda ha sagt sitt, og vel eit år etter kan normalen takast i bruk i skulen. Viss harmonien framleis rår, då. Til vidare er eg optimist.

UtskriftE-post