Språkråd frå Språkrådet

Orddeling og særskriving

Ord må delast av og til, men ofte blir det feil.

Orddeling og særskriving minner om kvarandre, men i språklæra dreier det seg gjerne om to ulike ting.

Når det ikkje er plass til å skrive meir på ei linje, kan vi dele eit ord med bindestrek før vi skifter over til ny linje:

 

lin-

je

 

røyk-

fritt

 

Slik orddeling ved linjeskift er det reglar for. Det må vere minst to stavingar i eit ord for at vi kan dele det. Vi kan dele ordet ved å la éin konsonant og éin vokal gå over til neste linje (lin-je, hiks-ta, ek-sem-pel), eller vi kan dele mellom ledda i ordet (røyk-fritt, eks-emp-el).

Orddelingsfeil er t.d. «rik-savis», «hik-ste» og «ordd-eling».

Særskriving vil seie å skrive samansette ord i to eller fleire ord. Det er ein vanleg skrivefeil i dag at ord som skal skrivast i eitt, blir skrivne i to ord: «røyk fritt» i staden for «røykfritt», «kjempe bra» for «kjempebra».

Kan ein rapp bli ein hitt?

Om fornorsking og dobbel konsonant

Meininga med overskrifta er å minne om skrivemåten av to ord som har komme frå engelsk. Vi har fornorska skrivemåten slik at orda endar på dobbel konsonant, ikkje på enkel konsonant som i engelsk. Dermed kan «rapp» rime på «lapp» og «napp», mens «hitt» rimar på «litt» og «ditt».

«Rapp» er einaste offisielle skrivemåten i norsk av det engelske musikkordet «rap», mens ein del andre ord har valfri enkel og dobbel konsonant: «hit(t)», «bag(g)», «plot(t)», «handikap(p)». Du finn dei rette skrivemåtane i Bokmålsordboka og Nynorskordboka.

 

Språkråda er henta frå www.sprakrad.no

UtskriftE-post