Heilt rett?

Byline FretlandByline Fretland

Den viktige rettskrivingsnemnda til Språkrådet er i full sving med arbeidet. Har du meiningar om korleis nynorsken skal sjå ut, bør du engasjera deg på nettsida deira (www.sprakrad.no/Toppmeny/Aktuelt/nynorsknorm). Eg ser mellom anna at nemnda samrøystes har gått inn for å ta bort i-målet (soli, husi) i nynorsk.

Men dagens normal gjeld lenge enno. Eg les mykje i kommunale papir og finn både godt og gale i språket. Det ergrar meg at dei som verkeleg skriv god nynorsk, gjerne har nokre få skjemmefeil. Språkspalta denne gongen skal hjelpa til å få bort noko av det som skjemmer.
Verb som dekkja, svekkja, styrkja, merkja, leia er e-verb og skal skrivast til dømes: dekkjer - dekte, styrkjer - styrkte, leier - leidde. Vil du halda deg på den smale og rette vegen, unngår du uttrykk som Den raudgrøne regjeringa er *svekka, eller Ordføraren *leia møtet. Hugs og at det forskjell på Han merka (la merke til) faren, og Han merkte varene.

Kva som skal vera hankjønn og ikkje, skaper også problem for mange. Framandord på trykksvak -e blir oftast hankjønn: tribunen, rutinen, finessen, analysen, kommunen osv. Regelen er grei, men ein må kunna han, og ikkje alltid stola på dialekten. Dialekt er forresten også berre hankjønn i nynorsk. Sunnmøringane har lett for å skriva *kommuna, ser eg, og Sogndal fotball, flinke i nynorsk, har kalla ein viktig tribune for *SIL-tribuna. Så må me hugsa på rekneskapen og meisterskapen, og så heiter det faktisk ein design, tru det eller ei, både på nynorsk og bokmål.

Til slutt sender eg med fem små ord, der særleg hokjønn skaper problem. Du kan gjerne pugga anna, inga, noka, lita, eiga, for her kan det vera skjemmeflekker i det elles plettfrie språket. Du kan gjera fleire feil, hugs no kva som er rett: ei anna sak, inga sak, det var ikkje noka sak, ei lita sak, mi eiga sak.
Er du kommunal leiar og les dette, vil eg minna om ansvaret for rett og godt språk i kommunen. Eg registrer med glede at LNK no vil spandera språkkurs på dei som er først ute. Så kan de unngå at dårleg språk stikk kjeppar i hjula for den som vil informera godt. Eller at språket stikk kjelkar i hjula, som eg såg her om dagen. Slik kan ein bli til lått når ein ikkje passar på å bruka faste uttrykk rett.

Utskrift E-post