Palestina og Noreg og språk



Eg skriv språkspalte på veg heim frå feiringa av titusenårsjubileet til Jeriko, med hovudet fullt av sterke inntrykk: blide og vennlege menneske, ein uverdig apartheid-mur, ei anna verd. Kontrastane er enorme og gjev grunnlag for refleksjon, også om språk. Her er det arabisk og hebraisk og engelsk om einannan, nesten alltid minst to språk på skilt og hus, eit herleg, og farleg, samansurium. Språk er med og avgjer om du er på den "gode" eller den "vonde" sida. Interne stridar om språk i Noreg, mellom mette og likestilte borgarar, kan synast uviktige.

Ein annan tanke som har slått meg eit par gonger når eg står i ein arabisk bydel, er kor fullstendig framandgjord eg er der og då, både språkleg og kulturelt. Slik, berre verre, er det truleg når ein somaliar eller ein pakistanar for første gong set foten på norsk jord og frosen og redd ser merkelege teikn som ikkje er til å forstå: eit takras av krullar og strekar og prikkar, utan meining og vit. Ein tenkjer ikkje over dette til vanleg, men i ein bydel i Ramallah eller i gamle Jerusalem sig det på ei ny forståing av å vera framand i eit nytt land.

Språk er altså uendeleg mykje meir enn bokstavar. Språket gjev tilhøyrsle i ein kultur, ein nasjon, og skaper fiendskap til andre kulturar. Sjå berre på korleis dei prøver å endra normeringa i somme av dei nye statane på Balkan, slik at same skriftspråket blir så pass ulikt at dei kan skilja ut venn og fiende med nokre bokstavar.

Så hevdar somme at språksituasjonen i Noreg er uvanleg og merkeleg. Dei kan ikkje noko om språk. I Noreg har me to språk, framavla av ulike kulturar og med ulike nasjonale, sosiale og kulturelle kjenneteikn. Dette er eit gode, ein skatt i landet vårt, som gjer at framståande språkforskarar framhevar oss som eit føredøme for andre. Og det er nynorsken som er det spesielle, skriftspråket som skulle gje nordmenn deira eige, demokratiske uttrykk, bygt på talemålet til folk flest. Det kan me trygt skryta av, me nynorskingar.

UtskriftE-post