Jul i husa hans Mammon


Eg sette meg til her ein kveld og las gjennom 10-12 brosjyrar som burde inspirera meg til julehandel. Men trælane hans Mammon gjekk på ein skivebom, rett og slett. Sperrene stod i kø då gamle Fretland var ferdig. For det fyrste så renn det inn med bokmålsark i nynorskbygda Lærdal. Ikkje eitt ord på nynorsk fann eg i bunken. Men dei reklamerte no for butikkar i fjerne himmelstrok, som Sogndal og Førde, det forklarer mykje. (Viss du ikkje skjønte det, så var dette ironi. )

Det er gale nok med språkforma, men så er det språket, då. Kor platt og åndlaust må ein skriva når ein skal skapa ein lykkerus av kjøpelyst og pengebruk hjå kundane? Høyr berre:

Plantasjen jublar om Mer jul til folket. Det kan aldri bli for mye jul – Tenk på alle – Det skal bugne – Det er Jul! Ikkje nett inspirerande. Kanskje Elkjøp var betre, men nei: Vi gir nissen en hjelpende hånd. Harde pakker – lave priser, Vi starter julen nå med julegavehus stappfulle av gaver. En fet TV til alle julefilmene. Stopp litt, der var det noko. Skal ikkje alle tv-ar vere syltynne no? Oldis, seier studentane til meg, for fet betyr visst ikkje feit meir.

Jysk satsar mest på pris og er minst like kjedeleg som dei andre: Stort utvalg av julegaver. Kjøp julegaven til januarpris. God jul med gode priser. Julen starter hos Jysk. Men langt nede på ei side dukka det endeleg opp noko interessant. Me kan skaffa oss ein julehotspot. Ja, no kan du lura. Eg slo opp og fann ut at hotspot kan vera anten ein «heteflekk», vulkansk kjerneområde med diameter 100–200 km, eller, for å sitera ordboka direkte: a site that offers Internet access over a wireless local area network through the use of a router. Men det var truleg feil ordbok, for hotspoten synte seg å vera det me før kalla ein sakkosekk, og som Jysk no kallar sekkestol.

Meny ropar Lenge leve juletradisjonene – Gilde julepølse. Ribbe på alle julebord. God julemorgen (om osten dei byr fram). Og så har me alle dei seriøse som med handa på pengepungen melder: Vi tuller ikke med julematen, derfor lager vi pinnekjøttet selv.

Slik radlar det av garde i hytt og gevær, eg får ikkje lyst å handla. Kjære Mammon! Når du instruerer undersåttane dine, kan du ikkje tenkja litt på dette:
At me her omkring blir mykje meir kjøpesugne viss dei skriv til oss på målet vårt. Og: Kunne du hyra ein forfattar til dei, så me vart møtte med spretne juledikt og morosame overskrifter? Viss du ordnar dette til neste år, lovar eg å kjøpa minst to hotspotar!

Jan Olav Fretland

UtskriftE-post