Doke, dykk, de – eller alle?

BylineByline

I slutten av februar leidde eg eit seminar der me drøfte tilrådinga frå nemnda som har laga framlegg til ny nynorsknorm. «Alle» var der: departementet, Mållaget, Det Norske Teatret, Målungdommen, engasjerte privatpersonar, kjende forfattarar og ivrige Språkråd-tilsette. Noko var som før: To-tre ungdommar tykte lite om tilrådinga, særleg framlegget om at i-målet (soli og husi) skal takast bort. Dei ville ha den klassiske, gamle nynorsken attende, og erta på seg Edvard Hoem, som med stor kraft og patos hevda at dei ikkje har følgt med i tida. Andre, frå den austnorske sida, beklaga at nemnda tek bort kløyvd infinitiv, og at ord som annen, noe, drømme og kjøre no er på veg ut av norma.

Men det uvanlege på møtet var at nemnda fekk mykje skryt, og at dei fleste meinte endringsframlegga var fornuftige og ville tena oss som brukar nynorsk. Slik godlyd er uvanleg når målfolk diskuterer norma, og ber bod om at det blir lite ufred når den nye rettskrivinga kjem. Det er gledeleg.

Kva går så framlegga ut på? For det fyrste forsvinn sideformer som prinsipp. Somme av dei blir no del av norma, andre forsvinn. Nemnda legg stor vekt på at den vanlege nynorskskrivaren ikkje skal måtta endra noko særleg på forma si. (Eg må slutta å skriva fremmend, og heller velja framand, det er lite dramatisk. Ja, og så må det bli harv og plomme, ikkje horv og plome lenger.) Så kuttar nemnda mange lite brukte former på begge sider i norma, slik som dei eg nemnde ovanfor. Skule og mykje blir eineformer, medan bokmålsbrukarane får eineretten til skole og mye. Er du i tvil om y eller ø, kan du heretter nokså trygt velja fritt. Nemnda foreslår også valfri j i verb som leggje/legge og søkje/søke og svake hokjønnsord som bryggje/brygge og enkje/enke. Og du kan framleis velja mellom a- og e-infinitiv (høyra/høyre) og mellom me/vi.

Det var mykje vellæte og ein roleg dag for ordstyraren, altså, og mest alle var einige om éi sak: Framlegget om å gje høve til å byta ut de – dykk med dykk – dykk (Dykk må samla dykk om aksjonen) var ein dårleg ide. Somme meinte ein i tilfelle burde innføra doke – doke, men eg tvilar på om den forma vinn fram. Her trur eg ikkje det blir endringar.

Så får me venta på den endelege tilrådinga frå nemnda, og på kva det kongelege departementet bestemmer til slutt. Det er makta som rår, her òg.

Jan Olav Fretland

Utskrift E-post