Dette er ein annonse for Språkrådet!

Det er ikkje sant, men eg fekk lyst til å reklamera for den nye klarspråksgruppa i Språkrådet. Og sidan eg ikkje sit i styret meir, kan eg skryta med godt samvit.

Somme av oss har brukt mange år av livet på å kursa offentleg tilsette i å skriva enklare og klårare norsk. Me ser at det offentlege, gjennom språket, nektar mange innbyggjarar innsyn i saker som vedkjem dei. Det kan vera brev frå det offentlege, og det kan vera lover, forskrifter eller retningslinjer. Eit døme: Når ein har mist ektefellen sin, er det mykje å slita med. Det er ikkje berre kjekt å få brev med overskrifta ETTERLATTERETTIGHETER ETTER nn, og lenger nede få vita at ektefellen ikkje har:
«rett til etterlattepensjon når medlemmet dør innen ett år etter tilsetting med rett til medlemskap eller etter at ekteskapet ble inngått, og dødsfallet skyldes sykdom som medlemmet led av ved tilsettingen eller vigselen og som en av ektefellene må antas å ha kjent til.»

Mange vil truleg berre oppfatta at dei kanskje ikkje får pensjon etter si eller sin kjære, og så stoppar lesinga fordi teksten er håplaus. Dømet har eg henta frå den friske nettstaden www.klarspråk.no, der Språkrådet gjev råd og rettleiing til deg som er offentleg tilsett og gjerne vil nå mottakarane dine. Sjå innom denne nettstaden, eg garanterer at du finn gode og nyttige råd. Du kan til dømes sjå korleis klarspråksgruppa ville ha skrive det nemnde brevet frå Statens pensjonskasse. Her får du nokre fleire lesetips frå nettstaden:

– Dersom du arbeider med kommunikasjon i ei offentleg verksemd, kan du sjå korleis dei driv på med klarspråksarbeid i til dømes Statens kartverk, Mattilsynet, Utdanningsdirektoratet, Bærum kommune, Fredrikstad kommune, Statens pensjonskasse, Försäkringskassan i Sverige og mange fleire.

– Er du oppteken av kva trekk i språket som er verstingar for den som skal formidla noko, finst det eigne språkråd. Det finst til og med ei eiga liste, «Kansellisten», med stive ord og uttrykk som me sjeldan ser i daglegspråket, men som blømer frodig i brev og andre tekster frå det offentlege.
– Du kan lesa undersøkingar av ymse slag, både frå Noreg og Sverige. Visste du at det finst eit eige system for å registrera korleis blikket vårt går når me prøver å lesa eit skjema? Og dersom målinga syner at blikket ditt virrar frå kant til kant i fullt virvar, bør einkvan sjå nærmare på skjemaet.

– Ja, og så kan du prøva deg på ein eigen klarspråks-kviss, eller quiz som det heiter på fint. Det skader ikkje å skjerpa hjernen innimellom, me bli alle sløvare med åra.

Og så understrekar klarspråksgruppa ei sanning som er sannare enn dei fleste sanningar, her i dansk utgåve: «Det nytter f.eks. ikke at kræve klart sprog hvis chefen i virkeligheden synes at den snørklede kancellistil er skabt af Vorherre og ikke kan ændres.»

Viss du er sjef, får du ta litt ekstra vare på dét sitatet!

Jan Olav Fretland er førsteamanuensis i norsk ved Høgskolen i Sogn og Fjordane

 

 

UtskriftE-post