Orda har fått nytt innhald

FretlandFretland

22. juli har forandra oss på mange måtar. Det som ikkje kunne skje her i vår fredelege avkrok, det hende. Og mordaren var ein heilt annan enn den terroristtypen mange har åtvara oss mot. Dette gjev grobotn for mange ettertankar, også når det gjeld språket vårt. For denne seinsommaren har ord og uttrykk som me gjerne har vore varsame med, brått vore å høyra frå mange kantar: kjærleik, hat, solidaritet, å setja sola framfor skuggen, vinna over mordaren med handlingane våre. Det er ord som gjerne har verka for høgtidlege eller vore oppbrukte, og uttrykk som har verka for pompøse å bruka for dei fleste. Så skjer dette dramatiske, utenkjelege, og orda får meining. Å vera solidarisk og tolerant blir brått konkret og meiningsfylt. Me som stilte til lokalval i Lærdal, vart til dømes fort einige om at i år måtte me fyrst visa at me heldt saman, med å ha felles valtorg og ei felles oppmoding i avisa om å røysta. Eg kjenner på meg sjølv at eg nok også har halde meir att på språkbruken enn eg elles ville ha gjort når det gjeld å «ta» ein konkurrent i valdebattane. Eit opnare språk vart ein del av reaksjonen mot ugjerninga.

Fleire negativt ladde uttrykk har også forsvunne frå debatten, iallfall for ei stund. Det har vore stilt om snikislamisering, og knapt nokon har hevda at muslimane no snart tek over styre og stell i Noreg. Eg har høyrt så ymse til uttrykk, også av eigne sambygdingar, dei siste åra: jordrotter eller fanatikarar om vanlege arabarar er noko av det verste. Når no ugjerningsmannen er ein lyshåra, stram Oslo Vest-ungdom som kallar seg kristen, blir det verre å dømma folk etter hudfarge eller religion. Men den kollektive og eintydige fordømminga av mordaren sine idear bleiknar etter kvart. Den dagen eg skriv dette, 27. oktober, skal ein ung herre forklara i offentleg debatt kvifor det er vorte enklare å vera mannedyrkar og mot feministar etter Bering Breivik sitt manifest. Vel bekomme, seier eg!

Skal me som samfunn vinna over Breivik med handlingane våre, må det syna att, også i orda me vel. Og me som er kvasse i munnbruken, får moderera oss litt. For det bør bli enklare for alle å leva i det fleirkulturelle Noreg framover.

 

Utskrift E-post