Språkråd frå Språkrådet

pennpenn

Språkrådet har samla nokre typiske språklege snubletrådar. Heile samlinga finn du på Nynorsk sjølvhjelp på www.sprakrad.no. Her er nokre døme:

 

 

  1. Bruk ikkje st-passiv i presens
  2. Aldri: Saka undersøkjest no i departementet.
    Men: Saka blir no undersøkt i departementet.
    Aldri: Varene vrakast på grunn av dårleg kvalitet.
    Men: Varene blir vraka på grunn av dårleg kvalitet.
    Hugs at det finst verb som likevel skal bøyast med -st i alle tider, til dømes å minnast - eg minnest. Slike verb står i ordlista.

  3. Tyda og tyding blir ofte misbrukte:
    Aldri: Kva tyding har dette for samfunnet?
    Men: Kva har dette å seia for samfunnet?
    Aldri: Dette tydde eit stort framsteg.
    Men: Dette var eit stort framsteg.
    Slik kan vi bruka tyda/tyding:
    Signalet tyder at trafikken må stansa.
    Det er ikkje så lett å få tak i tydinga av dette ordet.

  4. Preposisjonen ved:
    Tenk over om du kan bruka andre seiemåtar.
    Nokre døme:
    Ved utsetjing av gjennomføringa av prisstoppen:
    Blir prisstoppen utsett, ...
    Ved lungebetennelse:
    Pasientar med lungebetennelse ...
    Ved sjukdom:
    Når nokon er sjuk, ...

  5. Verb:
    Nynorsk har ofte laust samansette verb der bokmål har fast samansetning
    høyra til, leggja fram, liggja føre, svara til, skriva under, skriva ut
    Merk: Det heiter berre leggja fram (ikkje framleggja).
    Men: dei framlagde sakene

  6. Bokmålsfarge i nynorsk:
    Gå inn i ein dialog med partane > snakk med partane
    Elevane får auka forståing av eit emne > elevane forstår emnet betre
    Arbeidet vil skapa tilknyting mellom deltakarane > arbeidet knyter band mellom ...
    Det er viktig å tilstreva ei felles forståing ... > det er viktig å bli samde om ...
    Det gjekk føre seg ein innmarsj av arbeidarar på ... > arbeidarane marsjerte inn på ...

 

 

Utskrift E-post