Krokodilletårene skvett!

I Utdanningsdirektoratet kviler dei aldri, i sut for at elevane skal bli flinke til å lesa og skriva. Særleg i hovudmålet, og særleg viss det er bokmål det er snakk om. Det er få som kan nynorsk i den butikken.

Dei fekk lokka kunnskapsminister Kristin H. til å gå inn for reduserte krav til sidemål, så dei stakkars elevane ikkje skulle ha den plaga, nedtyngde som dei er frå før. Det var visst nokre ungdomsskuleelevar frå Oslo som hadde vore på besøk hjå statsråden, og dei hadde skildra lidingane sine. Slikt gjer inntrykk, må vita. Ho hadde visst ikkje snakka med elevar frå Nynorskland. I direktoratet hadde dei visst heller ikkje sjekka nyare forsking på området, som seier at å skriva og bli prøvd i eit språkfag er viktigaste motivasjonen for å læra faget. Direktoratet har nok heller ikkje fått med seg at forsking, mellom anna frå Canada, syner at elevar som lærer seg fleire språk tidleg, ofte får ei betre utvikla språkevne.

Så denne omsuta for nynorsk, berre elevane slepp å læra seg språket skikkeleg, er noko herk. Eg tykkjer det er meir reieleg med Unge Høgre-slagordet «La dem raute!» Det er vulgært og toskete og stemplar dei som skriv, på ein presis og tydeleg måte. Vankunna skal strø om seg med billege slagord. Men verre er det med folk som er kunnskapsrike og kanskje vil nynorsken vel, når dei går inn for å redusera nynorskundervisninga.

Det kan vera at me målfolk er for aggressive og påstendige, sjølvsagt. Me burde sikkert vera meir opne for alternative prøveformer og eksamenstidspunkt og iallfall arbeida hardt for å utvikla nye og varierte metodar for å læra nynorsk. Statsråden har til dømes ymta frampå om ekstra studiepoeng for nynorskbrukarar. Ho har òg trekt årane mest heilt inn etter ho kunngjorde framlegga ho fekk frå direktoratet. Problemet er berre at når eit slikt utspel kjem, går alle rett i skyttargravene. Målfolka rasar, Unge Høgre jublar, og så går det ei god stund før ein kan diskutera nynorsk på sakleg vis att. Slik er det.

 

UtskriftE-post