Det nynorske grunnfjellet

SpråkrådSpråkrådDet kom ei fin melding for oss nynorskingar i Sogn og Fjordane her om dagen: Fylket vårt er «det nynorske grunnfjellet». Det er direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum som seier dette, etter at han har laga ein rapport med språkfakta frå Sogn og Fjordane på oppdrag frå Sogn og Fjordane fylkeskommune. Ikkje noka bombe, seier eg, som bur i Sogn og lever med mykje nynorsk rundt meg. Alle kommunane har nynorsk tenestemål, og 97 % av kyrkjesokna brukar nynorsk liturgi. 14 000 elevar i grunnskulen har nynorsk, medan rundt rekna 384 har bokmål, og berre 10 % av elevane på vidaregåande byter til bokmål. På landsplan er det 50 %.

Men det er sjølvsagt mørke skyer på språkhimmelen. Vågsøy, som er ein småby på kysten med driftige fiskeoppdrettarar, har 23 % bokmålselevar, mest halvparten av alle i fylket. Flora, den eldste byen, har òg over 100 bokmålselevar, 6-7 %. I vekstområda ser me sterkare innslag av bokmål, det gjeld òg i næringslivet i desse områda. Men Førde, fylkessenteret, har berre 3 bokmålselevar. Det er eit oppsiktsvekkjande tal.

Grepstad understrekar at situasjonen er så spesiell at Sogn og Fjordane fylkeskommune har «god grunn til å be om å vere representert og bli teken med på råd i viktige forum der nasjonal og regional politikk blir drøfta som kan få følgjer for språkleg praksis». Det er nemleg vedteke at det skal satsast spesielt på nynorsk nasjonalt. Fylkeskommunen, som har ansvar for nynorsk som ein del av strategien sin, skal drøfta situasjonen for nynorsk på tingseta i juni. Kulturutvalet har bedt om at fylkeskommunen tek leiinga i arbeidet med å få til eit nynorsk forum i fylket, og at det blir sett i gang eit arbeid med ein språkbruksplan for administrasjonen. Så får me sjå kor det går.

Det skjer mykje på dette området i fylket vårt no. Høgskulen i Sogn og Fjordane har fått eit stort forskingsprosjekt på 11 millionar, der ein skal prøva å finna forklaring på kvifor elevane i Sogn og Fjordane gjer det så godt på nasjonale prøver og eksamenar. Det passar liksom ikkje med internasjonale undersøkingar om korleis elevar i utkantstrok greier seg i utdanningssamfunnet. Eitt av prosjekta går ut på å undersøkja om det har noko å seia at elevane i Sogn og Fjordane er reelt tospråklege: Dei har nynorsk i skulen og er trygge på nynorsk i kvardagen sin. Samstundes møter dei bokmål på skjermen og fjernsynet og i avisene og på kiosken. Spørsmålet er om dette gjev elevane ein fordel, at dei blir meir fleksible, opnare for nye læringsmål i skulen.

No får me lata forskarane studera på dette nokre år. Det hadde unekteleg vore kjekt om dei kunne slå fast at det er ein stor fordel å vera elev i Sogn og Fjordane, med det norske mindretalsmålet nynorsk som trygt grunnfjell.

 

 

 

Utskrift E-post