Lagnadstime for nynorsk i staten

Jan Olav FretlandJan Olav FretlandEi av Anders Hovdens vidkjende spissformuleringar var at riksmålsfolket elska målet (altså nynorsken) som slaktaren elskar lammet. Ikkje dumt å ta fram att den salva hausten 2012, når ein les tåredrypande kjærleikserklæringar til nynorsken frå folk som vil svekkja jamstillinga av dei to måla våre.

Særleg er det Bent Høie og Høgre som utmerkar seg. Det er så synd i byråkratane som må skriva på eit språk dei ikkje meistrar, må vita. Eg trudde byråkratane var til for oss innbyggjarane i Noreg, men det er nok feil. Når eg skriv brev til staten på nynorsk, må eg etter Høies syn gjerne finna meg i å få svar på eit innfløkt og konservativt bokmål. Ja, viss det er det den stakkars byråkraten kan. Det må vel få konsekvensar vidare òg: Har ikkje byråkratiet greie på det eg spør om, bør dei kanskje få lov å svara på noko anna, som dei har greie på. Me må ikkje ta frå dei nattesøvnen, stakkars folk!

Så føreslår Utdanningsdirektoratet omtrent samtidig å fjerne eigen karakter i sidemål i ungdomsskulen. Dei legg fram tre ulike alternativ for vurdering (standpunkt- og eksamenkarakter) i norskfaget, der alle tek bort eigen karakter i sidemål i ungdomsskulen. Me veit òg at Arbeidarpartiet drøfter å gå inn for éin karakter i norsk.

No er det grader av forverring her. Alle framlegg frå Utdanningsdirektoratet held på obligatorisk skriftleg opplæring i nynorsk. Det er langt frå det standpunktet til å gjera skriftleg sidemål valfritt, som høgresida går inn for. Og det kan godt tenkjast at tida er mogen for å sjå på endringar i eksamensordninga. Eitt av framlegga frå direktoratet er å ha skriftleg eksamen i sidemål etter andre året i vidaregåande utdanning. Slike framlegg må me vera villige til å drøfta. Men det som står fast, er at om me vil styrkja nynorsken i Noreg, må elevane prøvast i skriftleg nynorsk og få karakter i nynorsk. No er det opp til utdanningsminister Halvorsen å syna at ho meiner noko med den kjærleiken til nynorsken ho har uttrykt, mellom anna på landsmøtet i mållaget i vår.  

Så kom det jammen ei gladmelding her om dagen. AUF har snudd i synet på sidemålet, på landsmøtet i oktober. Dei vil ha karakterar i sidemål. AUF viser mellom anna til korleis karakterar styrer undervisninga, og at dersom karakteren i sidemål fell bort, vil det svært sannsynleg føre til mindre og dårlegare sidemålsundervisning. Dei er også tydelege på at dei ynskjer meir tid til grunnleggjande lese- og skriveferdigheiter i begge målformer, og tidlegare start med sidemål.

Betre kunne eg ikkje ha skrive det sjølv!

 

 

Utskrift E-post