Språkråd: Ny rettskriving

Her får du tips om ordbruk i den nye rettskrvinga for nynorsken. Tipsa er henta frå Språkrådet.no

1 tyda og tyding blir ofte misbrukte

Aldri: Kva tyding har dette for samfunnet?

Men: Kva har dette å seia for samfunnet?

Aldri: Dette tydde eit stort framsteg.

Men: Dette var eit stort framsteg.

Slik kan vi bruka tyda/tyding:

Signalet tyder at trafikken må stansa.

Det er ikkje så lett å få tak i tydinga av dette ordet.

    

2 denne, dette, desse

denne, dette, desse kan i visse samanhengar gje eit stivt eller upresist språk. Bruk heller den, det, dei, han, ho, eller ta opp att substantivet.

Døme:

"Tyskarane i Bergen hadde særrettar, men desse fall bort etter kvart."

Betre: desse rettane

"Eremitasjen er det største kunstmuseet i verda. Det ligg i Vinterpalasset. Dette er bygd i barokk stil."

Meir presist: Vinterpalasset

"Det er ikkje grunn til å klaga på telefonrekninga så låg som denne er no."

Betre: ho

3 den

den skal normalt ikkje brukast med tilvising til substantiv i nynorsk. Det vanlege tilvisingspronomenet er han for alle hankjønnsord og ho for alle hokjønnsord – så sant pronomenet ikkje strir mot det naturlege kjønnet.         

Døme: "Ytringsfridommen er til liten nytte om han (bm. den) ikkje blir nytta i praksis."

"Saka er vanskeleg, og vi må difor drøfta ho (bm.den) grundig.

Merk: Vi kan sjølvsagt bruka den i nynorsk, men då som peikande pronomen: 

Ikkje den har eg sagt, men den!"

4 st-passiv kan vera godt språk etter modale hjelpeverb

Binders kan brukast til så mangt.

Spørsmål kan sendast til Språkrådet.

Bruk ikkje st-passiv i presens        

Aldri: Saka undersøkjest no i departementet.

Men: Saka blir no undersøkt i departementet.

Aldri: Varene vrakast på grunn av dårleg kvalitet.

Men: Varene blir vraka på grunn av dårleg kvalitet.

Hugs at det finst verb som likevel skal bøyast med -st i alle tider, til dømes å minnast - eg minnest. Slike verb står i ordlista.    

5 Nynorsk har ofte laust samansette verb der bokmål har fast samansetning

høyra til, leggja fram, liggja føre, svara til, skriva under, skriva ut      

Merk: Det heiter berre leggja fram (ikkje framleggja).

Men: dei framlagde sakene

6 nokre

nokre blir brukt når vi veit at det er fleire av noko (engelsk some)

Vi vart verande der nokre dagar.

nokon – i uttrykk med spørsmål, tvil og nekting (engelsk any)

Det spørst om det kjem nokon fleire.

somme – om lag som nokre, men mindre med tanke på talet.

Somme dagar er veret grått.

7 Bokmål hvilken

Nynorsk har her fleire uttrykksmåtar:

kva       –  Kva dag er det i dag?

kva for  –  Kva for bøker har du?

(Kva slag)

ein/ei/eit/nokre legg vi til når vi vil konkretisera noko som kan teljast.

Kva for ei bok er det?

Kva for nokre bøker har du?

Ofte er det godt språk å skriva berre kva.

Utskrift E-post