Språkråd frå Språkrådet

Preposisjonar

Vi bruker preposisjonar i nesten kvar setning vi når vi snakkar eller skriv, og ikkje sjeldan kan meir enn ein preposisjon vere mogleg. Samstundes er vi bundne i valet, mellom anna fordi preposisjonane er med og avgjer kor klart og presist vi uttrykkjer oss, kva for nyansar vi tek vare på, og korleis stiltonen blir. Ofte er dessutan preposisjonen ein del av ei meir eller mindre fast vending (som med i "sjå gjennom fingrane med noko"). Dette er språkleg tradisjon og ein arv vi kan halde i hevd og føre vidare. Her bør vi ikkje minst sjå opp for samanblanding av faste vendingar (eit døme kan vere "rette søkjelyset på" – av "rette søkjelyset mot" og "setje søkjelyset på". Vi bør også passe på at uttrykksmåten ikkje blir så knapp at preposisjonsuttrykket knyter seg til feil ord (som med "av våpen" i formuleringa "eksportforbod av våpen" – skriv heller "forbod mot eksport av våpen").

Det finst elles motepreposisjonar, som ein gjerne kan unngå i skrift dersom ein ikkje ønskjer å stå fram som slave av språkmoten. Eit døme kan vere på, som blir mykje brukt i meir sjargongprega tale ("vere på gang", "ha rett på pengar", "køyre på alkoholfritt" o.b.).

Framfor dei fleste norske stadnamn nyttar vi i, men framfor ein del namn er på den rette preposisjonen frå gammalt. I dag er i på frammarsj og kjem inn også ved mange namn i den siste gruppa, særleg by- og tettstadnamn. Vi rår likevel til at ein skriv på der tradisjonen er slik. Les elles i innleiinga til "Preposisjonsbruk ved stadnamn" om preposisjonsbruk framfor stadnamn som også er kommunenamn.

Mellomrom

Det skal ikkje vere mellomrom framfor punktum, komma, utropsteikn, spørjeteikn, kolon og semikolon. Merk at det skal vere berre eitt mellomrom etter eit punktum som avsluttar ei setning.

Det var ein gong tre prinsesser som budde i eit slott. Ein dag fekk dei besøk av ein prins. God dag! sa han. Du er vel trøytt, så du vil kvile? sa den eine prinsessa. Han sa: Det er vel så, det.

Når ein bryt av ei framstilling med tre punktum, skal det vere eit mellomrom før dei tre punktuma dersom eit ord er utelate.

Viss du ikkje er snill, så ... Er det meininga å gjere det slik, eller ...?

Språkråd frå Språkrådet sine nettsider www.sprakradet.no.

Utskrift E-post