Kommentar: «No vert det spanande!»


Stortingsvalet har gjeve oss eit nytt politisk fleirtal, og me er mange som lurer på kva det får å seia for nynorsken. Dei to største partia i fleirtalet har programfest kraftige angrep på nynorsk, medan dei to små har vore sikre støttespelarar for språket vårt. Lat oss gjera ein «SVOT-analyse».

Fyrst eit lite språkkurs: Konsulentane som dreg rundt og gjev dyre råd til kommunane, tek gjerne til med ein SWOT-analyse. Med W. Då framstår dei som svært internasjonale og kloke. Orda har dei lært frå hi sida av havet: Strength, Weakness, Opportunity, Threats. Kjære konsulentar og andre, no har eg laga ein nynorskversjon, det er mykje lettare enn på bokmål, og utan W: Styrke, Veikskap, Opning, Trugsmål. Bruk desse stikkorda, så når de betre fram i Nynorskland.
Attende til oppgåva, korleis går det med nynorsken etter valet? På Styrke må me setja vår lit til dei to små, eller mellomstore, partia. Eg ser nynorskdirektør Ottar Grepstad er optimistisk og offensiv og meiner me kan komma bra frå det om me spelar korta våre rett. No skal det seiast at han har eit ekstra godt auge til Venstre-leiar Trine Skei Grande og kanskje blir ekstra optimistisk av den grunn. Men det er òg slik at jamstillingstanken for dei to språka våre har lang tradisjon og veg tungt, også i den verdikonservative delen av Høgre.
Veikskapen i situasjonen er at det ikkje finst noko felles program for språkpolitikken, og at den slik kan bli eitt av forhandlingskorta som må ofrast når heile regjeringskabalen skal leggjast. Kva viss Venstre må velja mellom Lofoten-Vesterålen og skriftleg sidemål, til dømes?

Eg ser fleire Opningar òg. Det kan tenkjast at delar av jamstillingspolitikken er litt fastlåst. Kanskje kan det vera nyttig at det kjem nye kostar som feiar i krokane og kanskje finn nye såfrø under sofaen? Kanskje finn dei nye måtar å skapa entusiasme for nynorsken på hjå elevar som strevar med nynorsk sidemål? Eller nye måtar å gjera oss i Nynorskland stolte over språket på? Det er ein god del likesæle og husmannsånd å spora i våre rekkjer.

Men, same kor ein snur og vender det: Det er Trugsmåla som er mest synlege nett no. Dei to største partia vil avskaffa skriftleg sidemål. Høgre vil òg la byråkratane få svara på si målform, ikkje på den målforma som han Ola og ho Kari skriv til staten eller fylkesmannen på. Og Frp er ferdige med målstriden i handlingsprogrammet: «Spra°kkampen er i stor grad historie, og i dag er det en voksende enighet om at enkeltmennesker selv skal fa° velge sin spra°kform.»
Eg er redd for den T-en i SVOT-en min. Men den nye regjeringa må få sin sjanse. Me skal ikkje dømma på førehand.

 

Utskrift E-post