Kommentar: Juleregn og julefred

 

No har det vore likt seg att nokre dagar heime hjå meg i Lærdal. Tidleg desember, skoddegrått budleregn, nitungt, mørkt midt på dagen. Og så nokon skikkelege vindflager.

 Det ular rundt øyra, det ligg strødd med kvist og greiner i vegane og blautt lauv oppetter utedøra, og blomsterurna ute på trappa, som ikkje var innteken for vinteren, står opp ned med to nye skar på kanten. Plastikkbøtter og tomme bosspann finn seg nye og til no ukjende lagringsplassar. Eg har ei kjensle av at dette har noko med lystenning og julegater å gjera. Duellen mellom teknisk sjef og han Eivind beinlaus er årviss her i Lærdal.  

Så då har me endå ein grunn til å gle oss til jul og til lys og triveleg lag i stova og ved kjøkkenbordet. Og me kan fundera litt på juleskikkar og juleord. For juleorda er viktige for oss. Lurer du på om det er jul eller jol, kan eg trøysta deg med at begge går, men jul er mest vanleg i våre dagar. Så er det visse atterhald, sjølvsagt. Eg slit med «Eg synger julekvad», der skal det liksom vera o. Det er nett som når koret vårt skal syngja «Det hev ei rosa sprunge». Når me framfører eit så høgtidsstemt bilete som at ei rose har sprunge, må det vera både hev og ei rosa, sjølv om dei ikkje lenger finst i rettskrivinga.

Me kan elles spora mange av orda frå denne høgtida heilt attende til norrøn tid. Og sjølve ordet jul er opphavleg eit heidensk midtvintersblot. Julaftan heitte i si tid jólaptann. I norrønt finn me òg jólahelgr, jólamorginn og jólanott. Du kunne alt då drikka jólaol, men du måtte laga det sjølv, det fanst ikkje på flaske eller boks, rimelegvis. Og romjula høyrer til i denne lange tradisjonen. Ein rúmheilagr dagr var ein dag som ikkje var heilag etter lova, er det sagt. Så derfor vart romjula yrkedagane mellom juledagane og trettandagen. På mine trakter heiter det forresten klavadagane. Somme hevdar at det kjem av at ein sleppte ut kyrne ein yrkedag i romjula, då slapp dei ut or klaven. Eg veit ikkje om det er rett, men usannsynleg er det vel ikkje.

Julehefta, eller juleblådn, som eg seier, er av nyare dato. Men Smørbukk nærmar seg faktisk 75 og Vangsgutane er eit år yngre, så dei dreg på åra, dei bygdemenneska òg. Knoll og Tott, verdas eldste teikneserie, har feira hundre for lenge sidan. Juleblada er sjølvsagt truga av dvd-ar og fjernsyn og dataspel og av dei moderne blada, som er meir «up to date», men eg ser at stativet med juleblad er på plass i år som i fjor. Visste de forresten at julebukkane først på var utkledde med bukkehovud? Fyrste seinare har me kunna variera kostyma meir.

Hugs for all del å setja opp julebandet til jul. Julenek er noko moderne som eg ikkje kjennest heilt ved. Så må du ikkje bera ut att jula: Det gjer du viss du seier nei takk til traktering, veit du! Då vert det ikkje skikkeleg jólagæfa, som dei gamle sa, eller julelukke, som me ville seia. Julelukka, den fredelege og sæle, som ikkje er avhengig av julepakker og julebord, ho er verd å streva etter for alle. Dei fleste på jorda får nok ikkje oppleva ho i år, heller.

 

UtskriftE-post