Skal nye landsmenn plagast med nynorsk?

jAN oLAV fRETLANDjAN oLAV fRETLAND

Feil spørsmål, meiner eg. Men me høyrer stadig folk som hevdar at dei som kjem hit frå andre land, bør sparast for nynorsken. Dei har nok å streva med, likevel, les me. Det er oftast nordmenn som har denne omsuta for dei andre.

Ein kan ikkje dy seg for å tenkja at kanskje kan det vera greitt å skuva ein tilflytt slovak eller somaliar framfor seg, dersom ein ikkje likar nynorsk. Sjølv representantar for parti som elles er skeptiske til innvandring, syner rørande omtanke i slike høve.

På landstinget til LNK hadde me eit interessant foredrag av nordmannen Stein Ringen, professor ved sjølvaste Oxford-universitetet. Han snakka om dei store folkevandringane i vår tid, og la vekt på kor avgjerande viktig det er at folk som flytter til norske  kommunar, kjenner seg heime og blir språkleg og kulturelt integrerte i livet på bygda.

Men faktum er at dei fleste nynorskkommunar til no har gjeve norsktilbod berre på bokmål. Tenk deg situasjonen: Den vesle tredjeklassingen kjem heim med skulearbeidet sitt, på nynorsk, sjølvsagt. Og så lærer mor og far berre bokmål på norskkurset, og blir utrygge læremeistrar. Eller far skal arbeida i butikken, og synest det er rart at hans norsk er annleis enn den dei andre
brukar.

Det er to grunnar til at nynorsken har lege etter her: For det fyrste har mange innvandrarar lært (kvar hen, tru?) at det er berre bokmål som er ordentleg norsk. Dei har fått høyra at nynorsk er noko litt rart og særnorsk. Derfor ber mange av dei om å få bokmål
i undervisninga. For det andre har det til no funnest altfor lite av nynorske læremiddel på dette området. Eg har sjølv måtta undervisa utanlandske studentar på bokmål ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Det er skamfullt.

Men så må eg skunda meg å understreka: I dag er det store framsteg på dette området. Det finst gode læreprogram på data, det finst trykte bøker og det finst små ordlister på ei rad språk, på nynorsk. Det viktige no, for dykk som har ansvar for dette rundt om i Bygde-Noreg, er dette: Me må gong på gong, oppatt og oppatt, terpa på at nynorsk er eit jamstelt, fullgodt norsk skriftspråk, og ikkje eit skvaldremål for sidrøva særingar.

Og me må sjå til at dei som driv med undervisning for utlendarar som kjem til Noreg, tek i bruk dei gode tilboda som etter kvart kjem på nynorsk. LNK kan gje deg gode tips om desse tilboda.

 

UtskriftE-post