Eit mål for alt

Byline LyngstadByline Lyngstad

Det er ei tid for alt, og i mars skal det rapporterast. Årsmeldingar skal skrivast, rekneskap skal reviderast. Eigarar og tilskotsytarar og andre interesserte skal få vite korleis det har gått i året som gjekk. Sjølv teatra driv med slikt, og dei siste åra er det berre blitt meir av det. Dei som gir oss pengar, meiner tydelegvis at vi må gi dei noko tilbake, ein rapport med tal, til dømes. Systematisk målstyring heiter det visst. Alt skal målast. Om det du driv med, ikkje kan talfestast, då skal du heller ikkje drive med det. Eg synst det er litt vanskeleg. Korleis skal eg talfeste at vi har laga ei framsyning med høg kunstnarisk kvalitet? Og kva om vi bomma litt, og kvaliteten ikkje vart så god?

Eg skal innrømme det, eg blir trøytt av alle desse rapportane som skal fyllast ut, og bikkar gjerne litt framover i stolen, før eg blir liggande og drøyme med skallen i bordplata, drøyme om alle som er så forbaska ambisiøse i dag, som vil på tv og vere vakre og gå Birken og vege 42 kilo. Dei som vil gi ut bok, og helst ein sjølvbiografi, som vil ha fin bil, hytte på fjellet og hus i Syden. Alle ønskjer å vere brune i dag, utanom innvandrarane då, som vi helst ser er kvite, og aller helst ser at vi ikkje ser.

Draumen dreg meg vidare inn i mine eigne mål i livet. Eitt av dei tidlegaste måla var 1-0-målet for smågutelaget til Jølster då vi slo Krokane 5–0 ein regntung vårdag i 1980. Det neste målet mitt var å bli ein åtti høg, eit mål eg hadde då eg var ein sytti. Eg er berre ein syttiåtte i dag, men lever enno i håpet.

Til jul i 1989 fekk eg eit litermål av mor mi. Det er vekke, så komande jul har eg noko å strekke meg etter. Dei siste ti åra har eg fått eit par mål ved av far min. Dei er høge mål, begge måla, men dei går alltid opp i røyk. Ti år gamal sette eg meg som mål at eg aldri skulle bli lærar. Lærarinna mi den gongen bad meg om å sitje att etter skuletid, fordi eg sa god helg på ein tysdag. Den dagen eg var ferdig utdanna lærar, nådde eg ikkje det målet heller.

Eit anna mål eg ikkje nådde, var 1-1-målet til Tore André Flo mot Brasil. Eg var ute på do og pissa då det skjedde. Til alt overmål fekk eg med meg reprisen, kvart år sidan 1998. Sjølv om eg på ingen måte reknar meg som målmann, verken i fotball- eller språksamanheng, har eg vore heldig å få med meg nynorsk som hovudmål og bokmål og riksmål som sidemål.

Som talemål har eg dessutan blitt hengande ved eit vestnorsk normalisert sunnfjordsk jølstramål, med sterke innslag av palatalisering og diftongar når eg ein sjeldan gong vitjar eldre menneske inst i Jølster, og like rike førekomstar av austlandske strofer og knot når eg snakkar med telefonseljarar og andre menneske frå meir sentrale strok.

Måla eg hadde då eg fekk konfirmasjonsdressen min, er dessverre utanfor rekkevidde. Til gjengjeld har eg fått meg ny livvidde, eit mål rundt livet eg strengt tatt aldri sette meg. Opp gjennom åra har eg fått ein god del spørsmål. Eg har til og med motteke eit par søksmål. Eitt av dei høgste måla mine er å overleve, noko som er vanskelegare enn det meste eg har prøvd på til no, men det er neppe vanskelegare enn å setje talfesta mål på kunsten.

 

Utskrift E-post