Kanskje ikkje sikkert

Byline LyngstadByline LyngstadKommunikasjon er utfordrande. Vi seier noko, men meiner noko anna, og det heilt utan å vere ironiske. Politikarar er flinke til slikt. Berre tenk på Bill Clinton, som sa han aldri hadde hatt sex med den kvinna. Eg mistenker Linda Helleland frå Høgre for å vere flink til det same, altså til å seie ting ho ikkje meiner. For nokre veker sidan uttalte ho at Høgres barnehageutval ville etablere eit barometer på nettet for å skape konkurranse mellom barnehagane, slik at foreldra kunne få velje den barnehagen som hadde god kvalitet, og slik at dei barnehagane med dårlegast kvalitet kunne leggast ned.

Ved første augekast kan det sjå ut som Helleland meiner det ho seier, men du må ikkje la deg lure så lett. Ord er stort sett til forvirring. Babel i Bibelen er eit bra bilete på det. Gud meinte at menneska byrja å forstå for mykje. Vi hadde allereie ete eple og tileigna oss kunnskap som førte oss langt ut i synda. Då menneska laga tårnet i Babel for å nå til himmels, svara Gud med å konstruere uendeleg mange tungemål, slik at vi for all tid skulle misforstå kvarandre.

Det hadde truleg ikkje vore naudsynt, for vi har like vanskeleg for å forstå kvarandre om vi snakkar norsk alle som ein. Når nokon seier «det er sikkert rett», byrjar eg å tvile på om det er rett. Det tyder sjølvsagt at det heilt sikkert finst mange andre løysingar som er mykje betre. Når eg høyrer at «du bør kanskje gjere det slik», forstår eg raskt at det er den beste måte å gjere det på. Kanskje er eit tvilande ord, men her finst det ingen tvil. Om rett skal vere rett, og det skal det jo vere, burde vi gjere eit ordbyte: «det er kanskje rett» og «du bør sikkert gjere det slik». Problemet er at vi ikkje vil forstå kva som er meint, fordi vi er så vande med det motsette.

Om nokon prøver seg med å ta vekk «kanskje» og «sikkert» og seier «det er rett» og «du bør gjere det slik», vil dei framstå som sjølvgode idiotar, og det er verre enn nokon ting.

Frå militærtida kan eg godt hugse eit skilt på veggen over pissoaret: «Spytt ikke snus og slipp ikke sneiper i renna». Ikkje røykte eg, og ikkje brukte eg snus, så eg visste ikkje kva eg skulle gjere. Det var først etter at eg fekk born, at eg forstod kvifor vi treng slike skilt. Verda er full av freistingar som vi vaksne må lære dei å halde seg langt unna. Sidan det er vanskeleg å ikkje kaste seg ut i syndige og farefulle gjerningar, treng vi åtvaringar og forbod.

Vi må starte tidleg, slik at ungane forstår korleis dei ikkje skal bere seg åt. Dei må lære av Margrethe Munthe at dei ikkje kan gå inn i stova med hua på. Fleire vers burde vore skrivne om kor saftglaset ikkje skal stå, kva dei ikkje skal seie i selskap, og kor tid dei ikkje skal legge seg om kvelden. Forfallet blant born og unge har kome snikande i takt med at forbodsskilta er fjerna.

Eg tenkjer med sakn på skilta i og utanpå skulebussen frå ungdomstida mi. Dei var vakkert innramma med kvit skrift på raud botn. Framme hos sjåføren stod det «Uroa ikkje føraren» og «Ikkje sitt på motorkassen». Når vi steig ut av bussen, lyste det mot oss: «Gå ikkje over vegen før bussen har køyrt.» Enkelte vil hevde at vi ikkje bør bruke ordet ikkje, slik at born får vite kva dei skal gjere i staden for kva dei ikkje skal gjere, men det er kanskje ikkje sikkert at nokon vil forstå skilt som «Her skal du berre pisse«, «La føraren få fred», «Sitt i stolane» eller «Gå over vegen etter at bussen har køyrt».

Eg vel difor å leve i den tru at Høgres barnehageutval sikkert meiner at vi ikkje skal ha eit barnehagebarometer. Kanskje.

 

Utskrift E-post