Personlege problem

Terje LyngstadTerje LyngstadEg kom over eit dikt her om dagen, skrive av ei dame som heiter Halldis Moren Vesaas.

Det er kanskje ikkje så rart at eg ikkje forstod så mykje av det, sidan diktet heiter Tung tids tale.

I første strofe står det nemleg at

Det heiter ikkje: eg - no lenger.

Heretter heiter det: vi.
Eig du lykka så er ho ikkje lenger
berre di.
Alt det som bror din kan ta imot
av lykka di, må du gi.

Det var først då eg såg at diktet var frå 1945, at eg forstod kvifor eg ikkje skjønte så mykje av det, for det heiter ikkje vi no lenger, heretter heiter det eg.

Det fekk eg merke for eit par veker sidan, då eg stod opp etter ei søvnlaus natt og møtte kvardagen og kjærasten min framfor baderomsspegelen.

«Ikkje ta det personleg», sa ho, «men du ser forferdeleg ut, du kan snart ikkje vise deg ute blant folk.» Det var vanskeleg, om ikkje beint fram umogleg, å ikkje ta meldinga som ei personleg krenking. «Kjøp deg nye klede», heldt ho fram, «det får vere grenser for kor ruskete håret ditt treng å sjå ut, sjøl kor fri du vil vere. Den slags toskeskap er forståeleg hos ungdomen. Dei treng sånne former for kompensasjon for manglande kunnskap og uttrykksevne. Du er for gamal til sånt. Du dummar deg ut! Det finst personlege trenarar i dag som får ein Fiat til å likne ein Rolls Royce på null komma niks. Du finn dei på Internett!»

Javel då, tenkte eg med gråten i halsen og slo på den personlege datamaskina min. Der klikka eg meg inn på Internett og tasta i veg for å finne ein veg ut av elendet. Sveitten pipla fram og minte meg på at eg til og med mangla personleg hygiene. Eg heldt på i fleire timar medan ord som life-coach, selvutvikling, pusteteknikker, suksess og selvtillit flimra framfor auga mine. Like før eg var i ferd med å gi opp heile prosjektet, dukka Senter for personleg utvikling opp, og spenninga steig. Dette senteret kunne tilby irisanalyse, klinisk undersøking, hårmineralanalyse, soneterapi og øyreakupunktur og mykje anna snadder innanfor personleg pleie.

Og det beste av alt var at dei, for det måtte jo vere fleire menneske som stod bak eit så omfattande føretak, skreiv at eg ville kome til å finne meg sjølv. Takk og pris, tenkte eg. Dette var noko for meg og mi personlege utvikling, eg som har leita overalt heile livet og enno ikkje har vore i stand til å finne meg sjølv nokon stad. Eg fann difor ut at det var på høg tid at eg skreiv eit brev til Senter for personleg utvikling:

Kjære Senter for personleg utvikling! Eg har ei etterlysing å kome med. Eg kan ikkje finne meg sjølv, og ber om at nokon frå dykkar firma kjem hit og hjelper meg å leite. Eg er verken personleg kristen eller personleg næringsdrivande, men har ein ryddig personleg økonomi. Det eg treng no, er ein personleg trenar som kan gi meg personleg pleie, slik at eg kan oppleve personleg framgang på alle område i livet.

Eg er ikkje veldig rik, mest fordi eg ikkje finn meg sjølv, og difor ikkje finn lommeboka mi. Ver difor snille ikkje å ta for mykje betalt, slik at eg går personleg konkurs. Eg har få personlege vener, men dei eg har, vil synast det er rart at eg vender meg til Senter for personleg utvikling for å få meg personleg trenar. Vis difor diskresjon når de kjem, og respekter eit minimum av personvern. Sidan eg ikkje veit verken kven eg er eller kor eg bur, kan eg ikkje gi opp verken namn eller adresse. Eg har personleg stor tru på at de finn fram utan hjelp. Om de får problem, spør naboen min om vegen. Beste helsing meg.

Utskrift E-post