Berre babbel

Terje LyngstadTerje LyngstadBestemora mi fekk aldri høyre ord som jetlag og Internett. Ho fekk aldri prøve dei heller, sidan profesjonelle fotballspelarar og fjernsynet knapt var oppfunne då ho levde. Slik er det berre. Ei ny tid, med olje og datateknologi og mykje anna nytt, skaper stadig behov for nye ord og omgrep som kan skildre nye og ukjende fenomen. Det som er merkeleg, er at vi treng nye ord for å skildre det vi allereie kjenner frå før, noko som minner om eventyret der keisaren trur han har fått seg nye klede, men så er han rett og slett naken.

Då eg var ferdig utdanna i middelalderen, var eg lektor med hovudfag i marknadsføring. Eg gjekk til og med på lærarskule, men dei finst ikkje lenger, trur eg. Det høyrest ikkje særleg sexy ut å vere lektor lenger. No er det høgskule og universitet som gjeld, og du må helst ha ein master of business and administration om du vil bli general sales manager, eller kanskje du greier deg med ein bachelor om du vil bli key account manager, eller noko anna som krev at du kan drive med support eller coaching.

Men det er ikkje berre engelsk som gjeld, du skal helst bruke andre ord enn dei folk flest bruker, om du har noko å fare med, slik det var då vi laga hemmeleg språk som småungar, eit språk som berre eg og bestevenene mine forstod. Sidan språket, som vi kalla for norras, var hemmeleg og vi framleis liker å halde ting for oss sjølve, har eg berre fått løyve til å offentleggjere nokre få språkprøver her. Vil du seie hei på norras, må du seie harr. Ja er jara, og nei er gatt. Kom inn er akkadakk, og gå ut er jadas. Skal du seie ha det, må du seie sjong, og skal du seie takk, må du seie rada. Tala frå ein til ti er goss, eli, mongos, ala, novara, ikki, saa, mikka, lakk, rakkas.

Liknande språk finn du til dømes på konferansar, eller seminar, som det gjerne heiter. Der går folk rundt og snakkar om multiplikatoreffektar, fasilitatorroller, nettverksalliansar, regionalutviklingsmidlar, glokaliseringsperspektiv og gud veit kva dei har for seg av innfløkte tema. For å bøte på språkforvirringa har eg laga ei liste som kler karnevalsdrakta av nyorda og forklarer kva dei eigentleg tyder. Det blir berre plass til eit kort utdrag her, i alfabetisk orden:

Bravida = Televerket. Bring = Postverket. Chat = tørrprat om ingenting. Coach = person som tek 3 000 kroner timen for å late som om han veit mykje meir enn deg, og for å gi seg ut for å vere bestevenen din. Direktør = overbetalt dagleg leiar. E-mail = sjå chat. Facebook = ei ekstrem utgåve at lokalavisa di. Filofax = dagbok med skryt av alt du har gjort og alle du har møtt det siste halvåret, og alt du skal gjere og alle du skal møte neste halvår. Finanskrise = blakk. Instragram = sjå Facebook. Karbohydrat = sukker. Kundeservice = automatisk telefonsvarar. LOL = ler og ler (av absolutt ingenting). Mentor = sjå Coach. Mesta = Vegvesenet. Nettverk = menn som møtest i frimurarlosjen og på golfbana for å prate om korleis dei skal klare å karre til seg mest mogleg av det som tilhøyrer andre. Næringshage = ordinære kontorlokale i rådyre nybygg som blir leigde ut til skyhøge prisar. Personal Trainer = sjå Coach. Postmodernismen = 1980-talet og deromkring. Seniorkonsulent = overbetalt medarbeidar. Servicetorg = sjå Kundeservice. Single = einsleg som ikkje ønskjer å bli identifisert som einsleg. SMS = sjå Chat. Strategiske alliansar = sjå Nettverk. Telenor = sjå Bravida. Tidsklemme = dårleg samvit. Time Manager = sjå Filofax. Trivselshage = sjå Næringshage. Twitter = sjå Facebook. Veidekke = sjå Mesta.

UtskriftE-post