Kommentar: Med leik skal vondt fordrivast

Eg har to pass, eitt norsk og eitt kjartanistansk. Eg er altså borgar av Kjartanistan, den grensesprengande staten som kunstnaren KjARTan Slettemark oppretta. Det er få ting i livet eg er meir nøgd med, enn å vite at eg er borgar i Kjartanistan.

Det gir meg ein trygg identitet. Eg veit kor eg høyrer til, eg har begge beina planta i sandkassen. Å vere borgar i Kjartanistan forpliktar, til å leite, til å leike.

Eg liker å springe. I mange år har eg dagleg sprunge eit par mil, langs vegen, på bane, på tredemølle, over fjell og vidde. Eg deltek i maratonløp så ofte eg kan, ikkje for å vinne eller tene pengar, men fordi eg vil tilbake til kjensla eg hadde som liten, då eg brukte dagane til å leike og visste kva som hadde verdi, utan at eg den gongen visste at eg visste nettopp det.

Då barndomen forsvann og eg blei ungdom og vaksen, lærte eg raskt at leiken ikkje hadde nokon verdi. Det som hadde verdi, var prestisjen i utdanninga, statusen eit yrke gav, løna og tinga eg kunne skaffe meg. Når vi fjernar oss frå leiken og knyter oss til materielle gode, veks avstanden mellom menneska. KjARTan Slettemark fortalde meg ein gong om korleis han forandra seg frå menneske til puddel i løpet av ei helg. Han var student i Stockholm, og i helgane reiste dei fleste studentane heim. Det hadde ikkje KjARTan høve til. Han kjende seg einsam og oppsøkte arbeidskontoret, mest for å få nokon å prate med. Det var fredag og seint på dag, og han som tok imot, bad KjARTan om å kome att på måndag, då skulle han få ein kundebehandlar. KjARTan trudde han høyrde «hundebehandlar» og gjekk heim for laga ei puddeldrakt. Måndag morgon møtte han på arbeidskontoret som puddel, og som alle tillitsfulle hundar logra han med halen og gjorde alt han kunne for å vere menneskets beste ven.

Det var KjARTan Slettemark som sa at vondt skal med kunst fordrivast, og Kjartanistan er nettopp ein stat for leik og kunst, eit land fullt av humor, der latteren trumfar sinnet, der freden trumfar krigen. I april reiste eg til Boston for å springe Boston Marathon. For å kome inn i USA måtte eg vise det norske passet, eg ville ikkje ha kome inn i landet utan, men under løpet var eg ikkje norsk lenger, eg var verdsborgar, ein mann frå Ingenland, eit land utan grenser, eit Kjartanistan, med brør og systrer frå alle verdshjørne rundt meg i ein stor smilande fellesskap. Alle som spring maraton veit at det er tre gongar du med svært god grunn kan gråte av glede; først når du kvalifiserer deg til Boston, deretter når du får beskjed om at du har fått plass i løpet, og til sist når du spring over målstreken.

Ein time etter at maratoneventyret var over for min del, fekk eg ein fjerde grunn til å gråte, men ikkje av glede. To bomber gjekk av i målområdet. Tre menneske vart drepne. Mange vart hardt skadde. Åtte år gamle Martin Richard var ein av dei som omkom. Han stod og venta på at faren skulle kome i mål. Nokre dagar før løpet sat Martin saman med klassen sin og teikna og skreiv for å gi uttrykk for tankar og kjensler etter den ufattelege tragedien i Newton, der 26 menneske på ein skule vart drepne av ein mann med våpen. Eg veit ikkje om Martin Richard var borgar av Kjartanistan. Eg trur han var det utan at han visste det sjølv. Han var berre eit barn, enno i stand til å vite kva som har verdi i livet, utan at han visste at han visste det. Eit foto viser kva han tenkte etter den tragiske hendinga i Newton. Han smiler og held eit ark framfor seg. På arket står det «No more hurting people. Peace».

UtskriftE-post