Fridom og undertrykking i Førde

MaloumaMalouma

250 artistar frå 25 land deltar på Førde Internasjonale folkemusikkfestival. Førdefestivalen har halde på sidan 1990 og er den største fleirkulturelle musikkfestivalen i landet. I år er temaet "fridom og undertrykking".

Førdefestivalen set folkemusikken i sentrum, og publikum får høve til å lytte, oppleve og lære. Før utvalde konsertar blir det mellom anna samtalar og intervju med artistane for å gje publikum eit bakgrunnsbilde dei kan ta med seg inn i musikken. Mellom artistane ein kan treffe er den mauritanske songaren og komponisten Malouma, trekkspelkvintetten The Samurai med utøvarar frå Frankrike, Finland, Italia, Belgia og Irland, den kamerunske soulsongaren Blick Bassy og den norske trioen Tindra.

Konferanse

Festivalen har og ein eigen konferanse, Førdekonferansen, som skal vere ein møteplass for kulturarbeidarar, kunstanarar, kulturpolitikarar og næringsverksemder innan kultur.

Førdefestivalen startar torsdag 8. juli, og H.M. Dronning Sonja skal vere tilstades på opningskonserten.

Meir om Førdefestivalen.

Pallepadling

Fredag startar Fiskefestivalen i Ulvik. Ingrediensar i denne festivalen er pallepadling,kanopadling, vass-ski, turar, musikk og sjølvsagt fiskekonkurranse.

Det blir NM i pallepadling på opningsdagen. Denne aktiviteten føregår på spesialpallar som er utvikla lokalt. I år er det femte gong denne Noregsmeisterskapen blir arrangert. Fiskekonkurransen er på laurdag, og det blir gitt prisar til største fangst frå båt og land, største fisk, sjeldnaste fisk og ein eigen fiaskopris for dei som tabbar seg kraftig ut.

Alt om Fiskefestivalen her.

 

Arrangementa er henta frå kulturkalenderen til Diktarvegen. Har du noko du vil melde inn her? Sjå på www.diktarvegen.no.

Utskrift E-post