Opplagssuksess for Maria Parr

Skriven av .

Maria ParrMaria Parr

Få forfattarar opplever slik suksess som Maria Parr. Bøkene hennar har selt i rundt 70.000 eksemplar i inn- og utland.

Det Norske Samlaget i ferd med å gå tom «Vaffelhjarte» og «Tonje Glimmerdal», fortel Dag og Tid. Bøkene er så langt selde i rundt 20.000 eksemplar her i landet.

Også i utlandet er det rift om den unge sunnmørsforfattaren. «Vaffelhjarte», som kom ut i 2007, er alt gjeven ut i Polen, Frankrike, Danmark, Nederland, Russland, Tyskland og Sverige. No er den også selt til Serbia og Japan.

– I fleire av desse landa har boka kome i fleire opplag. I Nederland, Russland, Tyskland og Sverige er det snakk om eit sal på kring 8.000 eksemplar i kvart land, fortel Eirin Hagen, som er litterær agent for Parr-bøkene i utlandet.

På det russiske forlaget er Maria Parr ein bestseljar. Førsteopplaget på 5.0000 eksemplar av «Vaffelhjarte» er alt utselt. No er boka trykt i eit like stort opplag for andre gong. Og i desember er den populære norske barnebokforfattaren invitert til Moskva for å lansera «Tonje Glimmerdal» i Russland.

Også i Frankrike kjem den første boka hennar ut i nytt opplag. I tillegg arbeider forlaget med å lansera boka til Italia, Spania og England.

Også ein tv-serie er på trappene. For tida held NRK Super audition for barn på Sunnmøre, for å finne dei som skal medverke i"Vaffelhjarte" (©NPK).

Utskrift