Blix-prisen 2012 til Anne Osvaldsdatter Bjørkli

 

Blix-prisen for år 2012 blir tildelt Anne Osvaldsdatter Bjørkli. Prisen vert delt ut i Tromsø Kulturhus laurdag 24. november under Nordnorske bokdager. Prisen er på 15 000 kroner.

Minneprisen etter Emma og Elias Blix blir kvart år gitt til ein nordnorsk forfattar som skriv nynorsk eller nordnorsk dialekt. Prisen blir delt ut av Litteraturselskapet Det Norske Samlaget, og statuttane seier at det om mogleg skal leggjast vekt på å heidre yngre forfattarar og forfattarar som skriv for ungdom, heiter det i ei pressemelding frå Samlaget.

Juryen grunngir tildelinga av prisen slik:

"Enkelte bøker er modigare enn andre; dei stryk ikkje lesaren med håra, men tør å ta tak i tema som riv, sjølv om lesaren er ung.  Årets Blixpris-vinnar har gjennom heile forfattarskapen skrive bøker for barn og unge med alvorlege tema, og Huskereisa frå 2009 er særs vellykka i forsøket på å tematisere det som er vanskeleg i eit barneliv. Anne Osvaldsdatter Bjørklis  bildebok har diverre ein evig aktuell tematikk; her er det jentemobbinga og utfrysinga frå fellesskapen som er historia. Historia om Julia, som er åleine og sjølv må finne ein veg ut av uføret, lagar eit avtrykk som blir verande hos lesaren lenge etter at boka er lukka.

Enkelte bøker skal ein løfte fram gong på gong, også ei tid etter at dei er komne, og sjølv om ein ikkje heilt veit om det går bra til slutt. Dette fordi dei er så viktige og gode. Huskereisa er i tekst og bilde ei slik utgiving."

Anne Osvaldsdatter Bjørkli har gjennom heile forfattarskapen sin skrive bøker med alvorlege tema, både for ungar og unge. Forfattaren, som kjem frå Troms, debuterte på Aschehoug i 1991 med ei barnebok. Etter debuten har forfattaren skreve fire barnebøker, eit diktsamling, ei ungdomsbok, og ei fabelbok. Fem på nynorsk og ei på bokmål. Ein tydeleg språkleg ståstad, og forfattaren seier om seg sjølv: "Eg er vel som dei fleste andre forfattarar, tospråkleg." I alle barne- og ungdomsbøkene til forfattaren finn ein den enkle filosofien om at ungar meistrar konfliktar godt, berre dei blir fortalt til, og tatt med i prosessar. "

I juryen for Blix-prisen: Ragnfrid Trohaug, Kine Hellebust og Steinar Aas.

Utskrift E-post