Forskar: Større regionar kan styrkje små parti

Miljøpartiet Dei Grøne er eitt av partia som kan bli styrkt av større regionar. Her representert ved Tom Sverre Tomren, Natalie Antonia Golis og Øyvind Strømmen i Hordaland fylkesting. Foto: Hordaland.noMiljøpartiet Dei Grøne er eitt av partia som kan bli styrkt av større regionar. Her representert ved Tom Sverre Tomren, Natalie Antonia Golis og Øyvind Strømmen i Hordaland fylkesting. Foto: Hordaland.no

Å endre det fylkeskommunale kartet kan gi utslag i det partipolitiske terrenget, meiner valforskar Bernt Aardal. 

Han trur samanslåinga av 19 fylkeskommunar til ti eller elleve større regionar kan gi særleg dei mindre partia vind i segla, medan partia som har gått saman om endringane – Høgre, Frp, Venstre og KrF – kan bli svekte.

– Det vi har sett i fleire fylkesting, er at det ikkje er særleg begeistring for å bli slått saman. I den grad ein gjennomfører samanslåing på tvers av meininga til lokale politikarar, kan det gi eit betent forhold fram mot valet. Kvar du kjem frå, betyr mykje for mange, seier valforskaren til ABC Nyheter.

– Det kan bli ei belastning for dei partia som går inn for tvangssamanslåing. Omvendt har Sp vore på krigsstien lenge mot desse reformene, og Ap har gått imot tvangssamanslåing av kommunar, seier Aardal.

Samtidig er det framleis ein heil del usvarte spørsmål om korleis stortingsvala skal organiserast i framtida. I dag er fylka ramma for stortingsval.

– Her må ein finne ut om dei nye regionane skal bli dei nye valdistrikta, eller om ein skal gjere andre inndelingar, seier Aardal.

Dersom regionane blir valkretsar, kan det innebere at dei mindre partia vil komme betre ut.

– Når du får fleire mandat, blir terskelen for mindre parti lågare, seier Aardal. (©NPK)

Utskrift E-post