E-sjefen er Årets nynorskbrukar

Skriven .

Morten Haga Lunde frå Os i Hordaland er generalløytnant i Forsvaret og sjef for Etterretningstenesta frå 1. januar 2016. Foto: ForsvaretMorten Haga Lunde frå Os i Hordaland er generalløytnant i Forsvaret og sjef for Etterretningstenesta frå 1. januar 2016. Foto: Forsvaret

 Generalløytnant Morten Haga Lunde er kåra til Årets nynorskbrukar 2017.

– Det har alltid vore viktig for meg å halde på identiteten min ved å nytte mitt eige talespråk. Etter kvart som eg har fått leiande stillingar i Forsvaret, har eg også lagt vinn på å nytte nynorsk i offentleg kommunikasjon, seier prisvinnar Morten Haga Lunde i ei pressemelding frå Nynorsk kultursentrum.

Sjef for Etterretningstenesta, generalløytnant  Morten Haga Lunde, får prisen «for å gi bruk av nynorsk den autoriteten som trengst på eit område som har vore mindre språkleg mangfaldig enn resten av samfunnet.»

Prisen, som i år vert delt ut for 17. gongen, går til ein person eller institusjon som gjennom sitt føredøme eller praktiske arbeid gjer det lettare å vere nynorskbrukar, eller som skaper større allmenn forståing for nynorsk.

Styret i Nynorsk kultursentrum hadde i år 38 kandidatar å velje mellom, men hadde ikkje problem om å samla seg om tildelinga.  

Lunde la nyleg fram rapporten «Fokus 2017. Etterretningstenesta si vurdering av aktuelle tryggingsutfordringar». I tillegg er nettsida Forsvaret.no/fokus på nynorsk, noko som ifølgje Ottar Grepstad er alt anna enn sjølvsagt.  

– I statistikkane for bruk av nynorsk i offentleg kommunikasjon har Forsvarsdepartementet dei fleste åra vore ein av verstingane. Det skal mykje til for å gi ein pris til nokon for at dei følgjer norsk lov, men språkleg jamstilling i offentleg forvaltning er eit leiaransvar. Lunde er eit lysande døme på kva som skjer når leiarar tek det ansvaret og gir bruk av nynorsk ein autoritet som ikkje kan drøftast eller bortforklarast, seier direktør i Nynorsk kultursentrum, Ottar Grepstad.

Prisen er på 100 000 kroner og eit grafisk blad av Arne Nøst som blir delt ut under opningshøgtida for Dei nynorske festspela i Ørsta 29. juni. Lunde kjem til å gi prissummen til ei verdig føremål.

Utskrift