Mållaget glad for nynorskvennleg KrF-program

Knut Arild Hareide blei attvald som partileiar og Olaug V. Bollestad som 1. nestleiar på landsmøtet til KrF. Foto: KrFKnut Arild Hareide blei attvald som partileiar og Olaug V. Bollestad som 1. nestleiar på landsmøtet til KrF. Foto: KrF

Noregs Mållag gler seg over at landsmøtet i KrF sist helg vedtok ein tydeleg nynorskpolitikk, ikkje minst ved å støtte sidemålsundervisninga i skulen.

 

– Det er gledeleg at landsmøtet til KrF så klart forkasta framlegget om felles karakter i hovudmål og sidemål, og at dei no går inn i valkampen som eit svært stødig nynorskparti, seier leiaren i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn, i ei pressemelding.

Det var Rogaland KrF som foreslo ei formulering om å slå saman nynorsk- og bokmålskarakterane i ungdomsskulen og vidaregåande skule, men det fekk dei ikkje landsmøtet med på. I staden heiter det no i KrF-programmet at partiet «vil drøfte undervisningsform og alternative vurderingsformer for å styrke sidemål og sikre to likestilte målformer».

Elles seier partiprogrammet mellom anna at KrF vil verne og styrkje norsk språk generelt og nynorsk skriftkultur spesielt, halde oppe bruken av nynorsk i media og sørgje for at elevane blir introduserte for sidemål tidlegare i skulen enn i dag.

Utskrift E-post