Usemje om flytting av Språkrådet

Sentralstyremedlem for Venstre og styreleiar for Språkrådet Guri Melby (t.v) og partileiar i Venstre Trine Skei Grande ønskjer ikkje at Språkrådet skal flyttast ut av Oslo. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix / NPKSentralstyremedlem for Venstre og styreleiar for Språkrådet Guri Melby (t.v) og partileiar i Venstre Trine Skei Grande ønskjer ikkje at Språkrådet skal flyttast ut av Oslo. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix / NPK

Intern strid i Venstre skal ha utsett ei avgjerd om flytting av Språkrådet frå Oslo til Bergen.

Forslaget om å flytta Språkrådet ut av Oslo er ein del av ein større plan om å flytta fleire hundre statlege arbeidsplassar ut av Oslo. Venstre har vore ein pådrivar for forslaget, men når det gjeld flyttinga Språkrådet er det ulike meiningar i partiet, fortel Bergens Tidende.

Venstrepolitikaren Andre N. Skjelstad har vore ein pådrivar for å få regjeringspartia med på planen om å flytta statlege arbeidsplassar ut av Oslo. Etter hans meining er det ikkje mange arbeidsplassar som ikkje kan flyttast. Foto: Berit Roald / NTB Scanpix / NPK

– Det har oppstått nokre problem. Det er ein del fram og tilbake. Folk som meiner ganske sterkt om dette har engasjert seg, seier stortingsrepresentanten Andre N. Skjelstad (V) til avisa.

Han blir omtalt som hovudarkitekten bak flyttinga av statlege arbeidsplassar og høyrer til dei som gjerne vil flytta Språkrådet til Bergen.

Sentralstyremedlem for Venstre og styreleiar for Språkrådet Guri Melby og partileiar Trine Skei Grande skal vera blant dei som har engasjert sterkt mot ei flytting av Språkrådet.

Også tidlegare styreleiar Ottar Grepstad i Språkrådet har tidlegare åtvara sterkt mot å flytta Språkrådet ut av Oslo.

– Det er brukt ti år på å byggja opp Språkrådet, og viss det blir flytta, blir det “på an igjen”. Det er språkpolitisk uansvarleg og vil svekkja Språkrådet i lang tid, sa Grepstad til Bergens Tidende i mars.

Skjelstad seier at departementet no går gjennom dei faglege vurderingane knytt til flytting. Sjølv meiner han at saka handlar om politikk.

Utskrift E-post