Regjeringa skal få råd om kulturturisme

Bilde frå venstre: Næringsminister Monica Mæland, direktør ved Sørlandet kunstmuseum Reidar Fuglestad, kulturminister Linda Hofstad Helleland og visepresident i NHO, konserndirektør Morten Thorvaldsen. Foto: KUD Bilde frå venstre: Næringsminister Monica Mæland, direktør ved Sørlandet kunstmuseum Reidar Fuglestad, kulturminister Linda Hofstad Helleland og visepresident i NHO, konserndirektør Morten Thorvaldsen. Foto: KUD

Regjeringa har oppretta Samarbeidsråd for kultur og reiseliv for å auke satsinga på kulturturisme i Noreg.

 

– Kunst og kultur er sjølve nerven i det å reise og oppleve andre kulturar. Regjeringa har skyhøge ambisjonar for kulturturismen og er stolte av å presentere eit solid A-lag som skal gi innspel til strategien vår for auka kulturturisme, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland

– Reiseliv er ei næring i vekst, og dei reisande blir stadig meir interesserte i kultur. Noreg er nordlys, fjord og fjell, men vi har også eit rikt kulturliv som vi må vise fram. Då er det viktig at reiselivsnæringa og kulturnæringa jobbar saman, seier næringsminister Monica Mæland.

Rådet skal foreslå tiltak som kan bidra til å auke omfanget, kvaliteten og tilgangen på kulturbaserte reiselivsprodukt. Det er behov for auka kompetanse blant aktørane, meir effektiv formidling av kulturprodukt, og synleggjering av kulturtilbodet som del av eit attraktivt reiselivsprodukt.

Rådet skal innan juni 2018 levere det endelege innspelet sitt til den planlagte strategien til regjeringa for kultur og reiseliv.

(©NPK)

Utskrift E-post