– Mediepolitikk er språkpolitikk

Vidar Høviskeland, dagleg leiar i LNK, tek til orde for styrkja mediestøtte for lokalaviser og andre aviser som er viktige for nynorsken.Vidar Høviskeland, dagleg leiar i LNK, tek til orde for styrkja mediestøtte for lokalaviser og andre aviser som er viktige for nynorsken.

Landssamanslutninga av nynorskkommunar åtvarar mot fatale følgjer for norsk språk og kultur.

 

Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) meiner at pressestøtta må leggjast om slik at medium som sikrar språkleg mangfald i lokalavisene, dei meiningsberande riksavisene og NRK får betre rammevilkår.

I eit høyringssvar til Kulturdepartementet, åtvarar LNK mot at Mediemangfaldsutvalet ikkje har diskutert språkpolitiske konsekvensar av medieutviklinga.

– Norske kommunar og norske massemedium er dei klart største språkprodusentane i landet, og ei eventuell svekking av denne produksjonen kan lett få fatale følgjer for norsk språk og kultur – i ei tid der mange ser ut til å meina at språk berre handlar om å forstå kvarandre semantisk, skriv Vidar Høviskeland og styreleiar Solfrid Borge i høyringsbrevet.

Nemner ikkje nynorsk

Stoda for nynorsk som mediespråk ser ikkje ut til å ha blitt drøfta av utvalet i det heile.

– Nynorsk kultursentrum har tidlegare dokumentert at slik har det vore i alle dei sju mediemeldingane som har kome dei siste femti åra, og slik sett er det kanskje ikkje overraskande. Kanskje dette vitnar om at for nokre mediehus er framleis den norske språksituasjonen vanskeleg og kontroversiell, skriv LNK i brevet.

Viktige lokalaviser

Nedgang i annonseinntekter har ført til at mange lokalaviser slit tungt.

– Om lag 50 lokalaviser er redigerte på nynorsk, og i tillegg kjem alle dei avisene som har opna for nynorsk og bokmål side om side i spaltene sine. Dette er viktige samfunnspilarar , og svært mange av dei ligg i nynorskkommunar. Dersom desse avisene ikkje klarar overgangen kan store lokaldemokratiske verdiar bli sett i spel, skriv LNK i høringssvaret.

LNK ser positivt på framlegget om ein minstesats i produksjonstilskotet på 750.000 kroner for lokalaviser med mellom 1000 og 6000 i opplag, men meiner at denne satsen bør doblast. LNK meiner òg at aviser til og med 10.000 i opplag bør koma med i denne ordninga.

– Set krav til nynorsk

Mediemangfaldsutvalet har føreslått å laga ei støtteordning for gratis nyhende- og aktualitetsmedia. Som utvalet peikar på, er det ein liten, men aukande del av folkesetnaden som sjeldan eller aldri oppsøkjer nyhende. Unge menneske, spesielt unge kvinner, er mellom desse. LNK støttar målet til utvalet om å leggja til rette for at heile folkesetnaden, utan unnatak, har tilgjenge til eit minimum av nyhendeinnhald.

LNK meiner at ei slik støtte må ha som vilkår at ein opnar for bruk av nynorsk på redaksjonell plass for å vera kvalifisert til slik støtte. Det må òg vera klare retningslinjer for tildelinga av denne støtta, som sikrar at ein del av desse midlane, til dømes 25 prosent, går til produksjon av nynorsk journalistikk. LNK meiner òg at det bør takast språkpolitiske omsyn i dei andre nye støtteordningane som er føreslått.

LNK i over 20 år jobba med digitale nyhendetenester for barn og unge. Tilboda Magasinett, Pirion og Framtida.no hadde i 2016 over ein halv million brukarar. Framtida.no er skildra i Språkfakta som det viktigaste tilskotet til nynorsk journalistikk på nett sidan 2000, og har opplevd ein samanhengande auke i talet på brukarar sidan starten i 2010.

LES OGSÅ: Ottar Grepstad: – Språkpolitisk ubrukeleg

Utskrift E-post