Årets nynorsk-general

Sjefen for Etterretningstenesta, generalløytnant Morten Haga Lunde, er kåra til Årets nynorskbrukar. Her under presentasjonen av rapporten Fokus 2017 i februar i år. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix / NPKSjefen for Etterretningstenesta, generalløytnant Morten Haga Lunde, er kåra til Årets nynorskbrukar. Her under presentasjonen av rapporten Fokus 2017 i februar i år. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix / NPK

Etterretningssjef Morten Haga Lunde har fått Forsvaret til å bruka nynorsk.

– Eg har ein posisjon der eg kan fortelje staben kva eg vil ha. I militæret er det jo slik at når sjefen først har bestemt seg, så blir det sånn, seier sjefen for Etterretningstenesta, generalløytnant Morten Haga Lunde (56).

Denne veka tok Haga Lunde imot prisen Årets nynorskbrukar under Dei nynorske festspela i Ørsta. Prisen får han for «å gi bruk av nynorsk den autoriteten som trengst på eit område som har vore mindre språkleg mangfaldig enn resten av samfunnet», ifølgje prisutdelaren, Nynorsk kultursentrum.

Generalløytnanten frå Os i Hordaland har sørgd for nynorsk i kommunikasjonen mellom Forsvaret og allmenta ved fleire høve og i ulike posisjonar dei siste åra, men mest skilsetjande var det da den årlege rapporten «Fokus 2017» frå E-tenesta i februar kom på nynorsk. Dei seks tidlegare Fokus-rapportane om «Etterretningstenesta si vurdering av aktuelle tryggingsutfordringar» har alle vore på bokmål.

Dialekt og bokmål

– Dette er eit viktig dokument frå oss til befolkninga, og da syntest eg det var rett og rimeleg at eit slikt dokument også kom på nynorsk, seier Haga Lunde.

Han kjenner seg igjen i beskrivinga av forsvarssektoren som eit samfunnsområde med sterk bokmålsdominans – vel å merke om ein ser vekk frå bruken av engelsk, som er det rådande ordrespråket i NATO-samanheng. For Haga Lunde, som for dei fleste andre, vart det mest naturleg å jenke seg til bokmålet da han entra forsvarsverda seint på syttitalet.

– Eg har prøvd å halde på dialekten, men i skrift har det vorte mykje bokmål. I dag bruker eg både nynorsk og bokmål, det må eg ærleg innrømme, seier han.

– Det handlar litt om å finne balansen, men det handlar òg om at eg ikkje skriv alt sjølv.

Positive reaksjonar

Litt reaksjonar og undring vart det nok i staben da etterretningssjefen i fjor befalte at Fokus 2017 skulle førast i pennen på nynorsk, men Haga Lunde fortel at det i neste omgang kom for ein dag at det var fleire der med både undertrykt dialekt og ferdigheiter i nynorsk. Men i det store og heile har det vore lite negativt å høyre om målformvalet.

– Når rapporten først kom ut, har det eigentleg berre vore positive reaksjonar. Vi har i alle fall ikkje fått negative reaksjonar og ingen sterke avskyresolusjonar, tvert imot, seier Haga Lunde.

Det var som sjef for Forsvarets operative hovudkvarter i Bodø Haga Lunde først byrja å ta tak i språkbruken ut mot det offentlege. I samband med ei større militærøving i Hordaland skreiv han mellom anna på nynorsk i eit informasjonsbilag Forsvaret spreidde gjennom avisene i fylket.

– No er det nesten 40 år sidan eg budde i Os, men eg fann det likevel rett at eg som sjef for det operative hovudkvarteret vende meg til befolkninga om øvinga og konsekvensane av den på hovudspråket i Hordaland. Det var litt som å komme tilbake til røtene.

Prispengar til veteranar

Med prisen Årets nynorskbrukar følgjer det ein premiesum på 100.000 kroner, og dei pengane har ikkje Haga Lunde tenkt å bruke på seg sjølv. Pengane gir han vidare til organisasjonane Norsk veteranforening for internasjonale operasjoner (NVIO) og Skadde i internasjonale operasjoner (SIOPS), som dermed får 50.000 kroner kvar.

– Det er ikkje berre eg som har laga rapporten, men eg har hatt god hjelp av staben rundt meg og fleire. Som aktiv embetsmann kan eg ikkje ta pengane i lomma og bruke dei på meg sjølv. Det hadde vore uetisk, slik eg ser det. Derfor har eg sett meg om etter eit godt føremål som samtidig kan vere ei anerkjenning av min eigen stab, noko som er tenleg for oss eller kollegaene våre, seier e-sjef Morten Haga Lunde.

 

Utskrift E-post