Salaam alaikum – språklege verdiar

Jens Haugan arrangerer nytt nynorskseminar på høgskulen på Hamar under Forskingsdagane.Jens Haugan arrangerer nytt nynorskseminar på høgskulen på Hamar under Forskingsdagane.

Dei nasjonale forskingsdagane har eit nytt tema kvart år. I fjor var temaet «grenser», mens Forskingsdagane 2017 spør: «Kva gjer noko verdifullt?»

 

Spørsmålet er relativt opent, og det vil kanskje finnast like mange svar som det finst menneske på jorda. I Noreg har ein i samband med valkampen det siste året blant anna diskutert kva som er såkalla «norske verdiar».

Leitar ein opp ordet «verdi» i ordboka, finn ein ut at ordet kan ha litt ulikt innhald. Kanskje ikkje heilt uventa er den første tydinga som er lista opp i t.d. Nynorskordboka, knytt til pengar. Sjølv om det finst sterke krefter som vil fjerne kontantane, og ein i dag bruker mest virtuelle pengar som dataoverføringar i ei eller anna form, oppfattar ein kanskje pengeverdi som noko ganske konkret.

Den andre oppføringa i ordboka viser til den overførte tydinga av verdi som noko meir eller mindre nyttig, viktig eller verknadsfullt. Her finn ein også døme som «åndelege verdiar» eller «ha musikalsk, litterær verdi», og ein skjønner at ikkje alle verdiane kan målast i pengar.

Den tredje tydinga ein finn i ordboka, er igjen knytt til litt meir konkrete og målbare ting som noteverdiar og talverdiar.

Når det gjeld dei såkalla «norske verdiane», som ein del folk har prøvd å argumentere for, er desse verdiane som regel ikkje knytte til noko som er målbart i pengar. Det handlar meir om kva nokon meiner er «viktig» for det norske samfunnet, eller kva som eventuelt kan seiast å vere karakteristiske eigenskapar ved «folk flest» i Noreg, som ein gjerne vil verne, og som det kan vere verdt å ta vare på.

No kan ein jo spørje seg om det i det heile har nokon verdi å diskutere norske verdiar, men merkeleg nok har ein i liten grad trekt inn språklege verdiar – bortsett frå at nokon meiner at alle i Noreg skal kunne snakke og skrive norsk. Dette kravet vil ofte vere tettare knytt mot tyding 1 av ordet verdi, sidan mange meiner at norskkunnskapar er ein føresetnad for å kunne arbeide og betale skatt, dvs. pengar.

Noko som er spesielt for Noreg, og som ein nesten kan rekne som ein ekte norsk «verdi» eller karakteristisk norsk eigenskap, er at ein har ein språkdebatt som dreier seg om i kva grad ein skal ha to offisielle norske skriftspråk. Der finst det mange argument, men enkelt sagt meiner motstandarane av nynorsk ofte at målforma er uviktig og ikkje har nokon verdi, og at det kostar pengar å ha to sidestilte skriftspråk. Nynorskbrukarane på si side er derimot gjerne opptekne av tyding 2 og løftar fram verdiar som identitet, kultur, historie, demokrati, likestilling og liknande omgrep som ikkje så lett lèt seg måle i pengar. Mange av desse omgrepa finn ein igjen i debatten om såkalla norske verdiar. Likevel finst det mange som ikkje vil gje nynorsken dei same vilkåra som bokmål har, og livet som nynorskbrukar kan for nokon vere ein evig kamp for å bli høyrt og sett.

Her om dagen gjekk eg forbi ein barneskole der det sat 4-5 jenter med afrikansk bakgrunn på portstolpane og prata til alle som gjekk forbi. Då eg kom dit, sa dei salaam alaikum, og eg svarte tilbake: salaam alaikum. Jentene lyste opp, og det breidde seg kvite smil over alle andleta der dei ropte jublande «Han greidde det! Han greidde det!»

Så enkelt var det å gjere nokon lykkeleg. Desse barna ville ikkje ha noko som kunne målast i pengar. Dei ville berre at nokon skulle sjå verdien av deira språk. Personleg blir eg like lykkeleg som desse barna kvar gong eg får lese ein tekst på nynorsk, eller når nokon gjer seg bryet med å lese noko som eg har skrive på mi målform. Du greidde det! Takk for at du las den nynorske teksten min heilt til slutt! Salaam alaikum!

Jens Haugan
Dosent i norsk
Høgskolen i Innlandet

Utskrift E-post